Stor takk til dei som stilte opp for tryggare vegar i helga!

Krevjande vêr- og føreforhold førte til svært glatte vegar fleire stader i kommunen i helga. Kinn kommune ønskjer å rette ein stor takk til entreprenørane våre og eigne mannskap, som på kort varsel stilte opp for å gjere det tryggare for både gåande og køyrande.

Regn kombinert med frost i bakken skapte utfordrande forhold, og mannskapa jobba på spreng med salting og strøing for å betre framkomsten og tryggleiken på vegane.

Vi set ekstra stor pris på at entreprenørane våre stilte opp på kort varsel, sjølv om vi enno ikkje er inne i den ordinære vinterberedskapsperioden.

Vinterberedskapen startar 1. desember

Kinn kommune har eigne retningsliner for brøyting og strøing av kommunale vegar. Den ordinære vinterberedskapen gjeld kvart år frå 1. desember til og med 31. mars.

Innsatsen i helga var dermed utanfor den ordinære beredskapsperioden, der vi er avhengige av at entreprenørane har høve til å stille opp.

Helga viser verdien av eit godt samarbeid mellom kommunen og entreprenørane våre, og kor viktig det er at vi har aktørar som stiller opp når behovet oppstår.

Tusen takk til alle som bidrog til tryggare ferdsel for innbyggjarane våre i helga!

Vi vil samstundes oppmode alle om å ferdast varsamt og tilpasse seg vêr- og føreforholda.