Snart er det tid for brøyting og strøing – dette bør du vite

Frå 1. desember er brøytevaktene våre klare for vintersesongen. Her får du informasjon om når vi brøyter og strør kommunale vegar, og kva du kan gjere for å hjelpe brøytemannskapa. Vi har ansvar for vintervedlikehald av kommunale vegar. Arbeidet blir utført av kommunen sine eigne mannskap og private entreprenørar i perioden 1. desember til 31. mars.

Når brøyter og strør vi?

Brøyting av kommunale vegar startar normalt når det har kome

  • 10 cm tørr snø
  • 5–7 cm våt snø

Vi strør vegane med sand ved behov.

Slik kan du hjelpe brøytemannskapa

For at vi skal kunne brøyte trygt og effektivt, ber vi alle om å:

  • Unngå å parkere langs vegar der bilane kan hindre brøyting.
  • Fjerne utstyr og andre gjenstandar som står nær vegen.
  • Merke kantsteinar, murar og andre hindringar med brøytestikker, gjerne med refleks.
  • Vere merksame på vinterskilting og mellombelse parkeringsrestriksjonar.

I tettbygde område kan parkerte bilar gjere det vanskeleg å kome fram med brøyteutstyret.

Kontakt brøytevakta

Har du spørsmål eller behov for å melde frå om brøyting og strøing på kommunal veg, kan du kontakte brøytevakta:

Telefonane er opne kl. 07.00–22.00 på kvardagar og kl. 09.00–21.00 i helger og høgtider.

Les meir om brøyting og strøing i Kinn kommune.