Kinn kommune

Bustadpraten - bestill time i Måløy eller Florø

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Måløy og Florø startar opp eit nytt gratistilbod kalla Bustadpraten. Tilbodet er for innbyggarar i alle aldrar som planlegg å pusse opp eller gjere endringar i bustaden, og som ønskjer å legge til rette for å kunne bu heime lengst mogleg.

Les meir og bestill time her

Aktuelt frå kommunen

  • 19.11.2026 Lenkje til artikkel: Snart er det tid for brøyting og strøing – dette bør du vite

    Snart er det tid for brøyting og strøing – dette bør du vite

    Frå 1. desember er brøytevaktene våre klare for vintersesongen. Her får du informasjon om når vi brøyter og strør kommunale vegar, og kva du kan gjere for å hjelpe brøytemannskapa. Vi har ansvar for vintervedlikehald av kommunale vegar. Arbeidet blir utført av kommunen sine eigne mannskap og private entreprenørar i perioden 1. desember til 31. mars.
  • 17.11.2026 Lenkje til artikkel: NoMil tek i bruk ny app og nytt kundesystem frå nyttår

    NoMil tek i bruk ny app og nytt kundesystem frå nyttår

    Tidleg i januar 2027 tek Nordfjord Miljøverk (NoMil) i bruk appen Mitt Avfall. I første omgang vil appen ha tilsvarande funksjonar som dagens NoMil-app. Min Side og fleire digitale kundetenester kjem i framtidige oppgraderingar.
  • 17.11.2026 Lenkje til artikkel: Kommunestyret opnar for bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt i Kinn

    Kommunestyret opnar for bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt i Kinn

    Kinn kommunestyre har vedteke lokal forskrift som opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Forskrifta er gjeldande frå 17. november 2026.