ArealoverføringArealoverføring betyr at areal blir overført mellom eigedomar som har felles grense, utan at arealet blir oppretta som ein eigen eigedom.Vilkår for arealoverføringKommunen må ha gitt løyve til arealoverføringa etter plan- og bygningslova og, dersom det er aktuelt, jordlova.Du må leggje fram nødvendige erklæringar om overføring av eigedomsrett, pantefråfall og eventuell konsesjon for arealet som skal overførast.For mindre endringar av areal (inntil 5 prosent) brukar du grensejustering.Krava til pantefråfall ved arealoverføring er dei same som ved samanslåing av eigedomar. Dette skal hindre at det oppstår prioritetskollisjon mellom tinglyste hefte. Les meir om samanslåing og prioritet på kartverket sine nettsider.Dersom det er tinglyst ei rådigheitsavgrensing på eigedomen som skal avgi areal, må du leggje ved samtykke frå rettshavaren.Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar må kommunen gi samtykke etter jordlova § 12. I slike saker må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfridom følgje søknaden. Les meir om konsesjon og landbrukseigedom.Slik søkjer duDu søkjer om arealoverføring ved å fylle ut skjemaet «Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett».Søk om arealoverføring Dokumentasjon til søknadenNår du søkjer om arealoverføring, må søknaden innehalde nok informasjon til at kommunen kan behandle saka.Dokumentasjon som må vere med søknadennabovarselsituasjonskartrekvisisjon av oppmålingsforretningved arealoverføring mellom eigedomar med ulike eigarar: fyll ut og legg ved aktuelt skjema for overføring av eigedomsrett. Skjema: Erklæring om arealoverføring.Anna dokumentasjon som kan vere relevantsøknad om dispensasjonerklæringar eller avtalar om vegrett, leidningar og nødvendig vedlikehald over andre eigedomar Søknadsskjemaer og beskrivelse av dokumentasjon Når må du søkje om dispensasjon?Dersom søknaden er i strid med plan- og bygningslova eller gjeldande planar, må du søkje om dispensasjon før kommunen kan gi løyve til deling.Sjå plan- og bygningsloven §§ 19-1 og 19-2.Sjekk planar og føresegner for eigedomen dinFør du byggjer, riv eller gjer endringar på eigedomen, må du undersøkje kva planar og føresegner som gjeld.Planane avgjer mellom anna kva du kan byggje eller endre, og kva bygga på eigedomen kan brukast til.Finn kva plan som gjeld for din eigedomDu må også søkje om dispensasjon dersom den omsøkte delelinja ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Dispensasjonssøknaden må vere skriftleg og grunngitt, og skal leggjast ved søknaden.Les meir om korleis du kan søke om dispensasjon her.Nabovarsel Bestill naboliste via eTorgFyll ut skjemaet for nabovarsel og send det til naboane som står på nabolista du har fått.Dersom du søkjer om dispensasjon frå ein arealplan, må dette gå fram av nabovarselet. Andre som blir direkte påverka av delinga, skal også varslast og få høve til å uttale seg.Dersom du får merknader frå naboar, skal du sende dei til kommunen saman med søknaden.Naboar og gjenbuarar har to veker på å kome med merknader. Kommunen må ha motteke søknaden seinast eitt år etter at nabovarselet blei sendt. Går det meir enn eitt år, må du sende nytt nabovarsel.Vedlegg til nabovarselet: Du skal leggje ved eit situasjonskart som viser den ønskte grensa.Fyll ut skjema Opplysninger gitt i nabovarselFyll ut skjema Kvittering for nabovarselKorleis får eg eit situasjonskart? Skriv ut situasjonskart via vår kartportal og teikn inn nye eigedomsgrenser. Situasjonsplanen skal vise eksisterande grenser og den ønskte delelinja, altså dei nye eigedomsgrensene.Dersom tomta er vanskeleg å byggje på, til dømes på grunn av bratt eller kupert terreng, bør du også leggje ved eit kart som viser forslag til framtidig plassering av bustaden, og eit terrengsnitt. Kartet skal vise køyretilkomst og nødvendig areal til parkering og uteopphald.Rekvisisjon av oppmålingsforretningFor at eigedomen skal kunne registrerast i matrikkelen og tinglysast, må du rekvirere oppmålingsforretning. Oppmålingsforretninga blir gjennomført etter at kommunen har godkjent delinga.Fyll ut skjema: Rekvisisjon av oppmålingsforretning for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningsloven Dersom du søkjer om utsett oppmålingsforretning, må du grunngi dette i ein eigen søknad.Kva kostar det? 3.1 Arealoverføring3.1 Grunneiendom, festegrunn og jordsameiePrisAreal fra 0 - 250 m²7 600 kronerAreal fra 251 - 500 m²11 800 kronerArealoverføring per nytt påbegynt 500 m² større enn 10 daa1 400 kroner 3.2 Anleggseiendom3.2 AnleggseiendomPrisVolum fra 0 - 2500 m³10 500 kronerVolum fra 2501 - 5000 m³16 800 kronerArealoverføring per nytt påbegynt 5000 m³2 800 kroner Sist endra 09.11.2026 13.22