Dispensasjon er eit unntak
Ein dispensasjon er eit vedtak som gir unntak frå reglar i eller i medhald av plan- og bygningslova. Det betyr at kommunen i ei konkret sak kan gi løyve til noko som ikkje er i samsvar med gjeldande planar eller føresegner.Dispensasjonen kan vere mellombels eller varig.
Reglane om dispensasjon står i plan- og bygningslova kapittel 19.
Arealplanane er vedtekne gjennom politiske prosessar der naboar, offentlege styresmakter, organisasjonar og andre har hatt høve til å komme med innspel. Planane skal gi føreseielege rammer for kva som kan gjerast i eit område. Dispensasjon er derfor eit unntak frå det som er vedteke, og blir berre gitt når vilkåra for dispensasjon er oppfylte.
Kva kan du få dispensasjon frå?
Du kan søkje om dispensasjon frå reglar som er fastsette i eller med heimel i plan- og bygningslova. Det kan til dømes gjelde
- arealplanar
- byggjeforbodet i strandsona
- forskrifter
- lokale føresegner
Du kan ikkje få dispensasjon frå saksbehandlingsreglane i plan- og bygningslova eller byggjesaksforskrifta (SAK10).
Kva skal til for å få dispensasjon?
Kommunen kan berre gi dispensasjon dersom
- omsyna bak regelen eller planen det blir søkt dispensasjon frå, ikkje blir vesentleg sette til side
- fordelane ved dispensasjonen er klart større enn ulempene
Du som tiltakshavar eller søkjar må grunngi kvifor du meiner vilkåra for dispensasjon er oppfylte.
I vurderinga legg kommunen først og fremst vekt på samfunnsmessige, planfaglege og arealmessige omsyn. Det kan til dømes vere positivt dersom tiltaket gir betre funksjonalitet, uteopphaldsareal eller arkitektonisk kvalitet.
Personlege forhold, økonomiske omsyn eller private avtalar har som hovudregel mindre vekt. Det kjem av at arealplanlegging skal vere langsiktig, medan eigarforhold og personlege behov kan endre seg over tid.
Sjå kva plan som gjeld for eigedomen din.
Slik grunngir du ein dispensasjonssøknad
Når du søkjer om dispensasjon, må du grunngi kvifor vilkåra for dispensasjon er oppfylte.
1. Forklar kvifor omsyna bak regelen ikkje blir vesentleg sette til side
Skriv
- kva omsyn regelen eller planen skal ta vare på
- kvifor tiltaket etter di vurdering ikkje set desse omsyna vesentleg til side
- om tiltaket påverkar omsyn som helse, miljø, tryggleik eller tilgjenge
- om statlege eller regionale styresmakter tidlegare har uttalt seg negativt om tiltaket
Du finn ofte informasjon om omsyna bak ei planføresegn i planskildringa til den aktuelle arealplanen.
2. Forklar kvifor fordelane er klart større enn ulempene
Beskriv
- kva ulemper tiltaket kan få, til dømes for naboar, allmenta eller området
- kva fordelar dispensasjonen vil gi
- kvifor du meiner fordelane samla sett er klart større enn ulempene
Dersom du søkjer dispensasjon frå plan- og bygningslova eller forskrifter til lova, bør du også beskrive moglege konsekvensar for helse, miljø, tryggleik og tilgjenge.
Avslutt med ei kort oppsummering av kvifor du meiner vilkåra for dispensasjon er oppfylte.
Slik søkjer du om dispensasjon
Dersom tiltaket krev dispensasjon, må du sende ein eigen søknad om dette. Du kan anten
- søkje om dispensasjon først og sende byggjesøknaden seinare
- søkje om dispensasjon samtidig med byggjesøknaden
Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg.
Dette må søknaden innehalde
- Ei kort skildring av tiltaket og kva du søkjer dispensasjon frå.
- Ei grunngiving som viser fordelar og ulemper ved dispensasjonen.
- Situasjonskart eller kartutsnitt som ikkje er eldre enn eitt år. Kartet må vere målsett.
- Plan-, snitt- og fasadeteikningar med terrenglinjer, normalt i målestokk 1:100. Teikningane må vere målsette.
- Dokumentasjon på at dispensasjonen er nabovarsla.
Grunngivinga for dispensasjonssøknaden skal følgje nabovarselet, jf. plan- og bygningslova § 19-1.
Dersom søknaden gjeld forhold som også blir behandla av fylkeskommunen eller andre statlege styresmakter, sender kommunen saka på høyring til dei aktuelle styresmaktene. Dette kan til dømes gjelde tiltak i LNF-område, strandsona eller langs vassdrag.
Du kan sende søknaden
Nabovarslingsskjema og andre skjema til byggesak finn du her.
Den same framgangsmåten for å søkje om dispensasjon gjeld også når dispensasjonen er ein del av ei byggjesak.
Send inn byggesøknad
Er du profesjonell aktør, kan du finne søknadsskjema her.