Situasjonskart

Når du skal byggje noko på eigedomen din, må du først lage ein situasjonsplan. Det betyr at du teiknar det planlagde tiltaket inn på eit situasjonskart.

Kva er eit situasjonskart?

Situasjonsplanen skal leggjast ved byggjesøknaden. Han viser det planlagde tiltaket og avstanden til andre bygg og nabogrenser.

Situasjonsplanen teiknar du inn på eit situasjonskart frå kommunen. Situasjonskartet er eit kartutsnitt som viser viktige rammer for plan- og byggjesaka.

Situasjonskartet viser mellom anna

  • gards- og bruksnummer (gnr./bnr.) for eigedomen og aktuelle nabo- og gjenboareigedomar
  • eigedomsgrenser
  • tilkomst til eigedomen
  • høgdekurver
  • målestokk
  • rutenett med koordinatar
  • plangrunnlag

Situasjonskartet skal ikkje vere eldre enn eitt år.

Slik lagar du eit situasjonskart

  1. Gå til kartløysinga vår.
  2. Finn eigedomen ved å søkje på gards- og bruksnummer (gnr./bnr.) eller adresse.
  3. Klikk “Meny” oppe til venstre
  4. Klikk på “Skriv ut”
  5. Tilpass målestokken slik at du får med eigedomen i utskrifta
  6. Skriv ut eller lagre situasjonskartet for eigedomen.