Grensejustering

Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar.

Kriterium for grensejustering

  • Arealet til ein eigedom kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
  • Ingen av eigedomane kan avgi eit areal som er større enn 20 prosent av arealet eigedomen hadde før justeringa. Minst 80 prosent av arealet må altså liggje uendra.
  • Verdien på eigedomane kan ikkje aukast eller reduserast med meir enn grunnbeløpet i folketrygda (1 G).
  • Areala som blir påverka av grensejusteringa, må vere regulerte til same formål. Dersom grensa går mellom areal med ulike formål, til dømes veg og bustad, må dette avklarast etter anna relevant regelverk.
  • Ved større endringar må du søkje om arealoverføring.

Slik søkjer du

Grensejustering krev ikkje søknad eller løyve etter plan- og bygningslova. Du må likevel fylle ut skjemaet «Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring etter matrikkellova». Skjemaet finn du på nettsidene til Kartverket.

Søknad om rekvisisjon av oppmålingsforretning 

Dokumentasjon til søknaden

Kvar sender du søknaden?

Søknaden med vedlegg kan sendast til kommunen på e-post eller per post.

Kva skjer vidare?

Kommunen vurderer om vilkåra for grensejustering er oppfylte. Dersom grensejusteringa blir godkjend, blir partane kalla inn til oppmålingsforretning. Der blir dei nye grensene målte inn og merkte i terrenget.

Hva koster det? 

2.1 Grensejustering grunneiendom
2.1 Grensejustering grunneiendomPris
Areal fra 0 til 100 m²5 700 kroner
Areal fra 101 - 250 m²7 600 kroner
Areal fra 251 - 500 m²11 800 kroner
Grensejustering anleggseiendom
Grensejustering anleggseiendomPris
Volum fra 0 - 250 m³6 850 kroner
Volum fra 251 - 1000 m³10 850 kroner
Arealoverføring per nytt påbegynt 500 m³2 525 kroner