Må eg sende inn byggesøknad?

Skal du byggje, endre eller rive noko på eigedomen din, må du først undersøkje om tiltaket krev løyve frå kommunen.

Kva planar gjeld for eigedomen min?

Før du starter må du undersøke kva planar som gjeld for eiegedomen din.

  • Kommuneplanen sin arealdel set rammer for kva du kan gjere på eigedomen.
  • Eigedomen kan også vere omfatta av ein reguleringsplan med eigne føresegner.
  • Reguleringsplanen kan ha strengare krav enn dei generelle reglane. Kor mykje du kan byggje, kjem an på kva planane tillèt og kor mykje som allereie er bygd på eigedomen.

Kva skal du byggje?

Nokre tiltak kan du søkje kommunen om sjølv, medan andre krev at du får hjelp av fagfolk. Enkelte tiltak kan du gjennomføre utan å søkje.

Nedanfor finn du ulike typar tiltak og informasjon om kva du må søkje om, og kva som er unnateke søknadsplikt.

På Direktoratet for byggkvalitet finn du gode rettleiarar.

Skal du rive eit bygg, gjeld i utgangspunktet dei same reglane som når du skal føre opp eit bygg. Dersom tiltaket er større enn 100 kvadratmeter, må du i tillegg utarbeide ein avfallsplan og ei miljøsaneringsskildring.

For enkelte tiltak må du også søkje om dispensasjon.

Les meir om dispensasjon her.

Treng du rettleiing?

Før du sender inn ein byggjesøknad, kan du få hjelp frå servicetorget. Du kan også avtale eit møte eller ein førehandskonferanse med ein byggjesaksbehandlar.