Rettleiing før du søker

Før du sender inn ein byggjesøknad, kan du få hjelp frå Servicetorget. Du kan også avtale eit møte eller ein førehandskonferanse med ein byggjesaksbehandlar.

Servicetorget kan hjelpe

Servicetorget kan hjelpe deg med spørsmål om byggjesøknad, skjema og kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Vi kan mellom anna hjelpe deg å finne fram til

  • gjeldande lover og forskrifter
  • reguleringsplanar
  • kommuneplanen sin arealdel
  • aktuelle skjema og søknadsløysingar

Kontaktinformasjon: 

Vil du snakke med ein byggjesaksrådgivar?

Har du ei byggjesak til behandling og ønskjer å snakke med byggjesaksrådgivaren din? Då kan du bestille deg ein time (til dømes på telefon, Teams, fysisk møte) via bookingløysinga vår.

Førehandskonferanse

Du kan kontakte kommunen og be om eit møte med ein byggjesaksbehandlar dersom du har spørsmål før du sender inn ein byggjesøknad.

Har du mange eller kompliserte spørsmål, kan det vere nyttig å be om ein førehandskonferanse. Møtet blir halde før ein eventuell søknad blir sendt inn.

Ein førehandskonferanse er eit avklaringsmøte mellom deg og kommunen. Målet er å avklare aktuelle problemstillingar, kva krav som gjeld for tiltaket, og kva som må vere på plass før vidare behandling.

Meir om førhandskonferanse.