Kva er føremålet med ein førehandskonferanse?
Ein førehandskonferanse skal hjelpe deg å avklare kva som gjeld for eigedomen og tiltaket før du sender inn byggjesøknaden.
I møtet kan du få informasjon om mellom anna
- kva planar og reglar som gjeld
- om du kan trenge dispensasjon
- kva dokumentasjon som må følgje søknaden
- om andre styresmakter må uttale seg
- om det er krav om uavhengig kontroll
Når kan det vere aktuelt med førehandskonferanse?
Førehandskonferanse er særleg aktuelt ved større eller kompliserte byggeprosjekt, eller dersom det er uklart kva planar og reglar som gjeld.
For enklare spørsmål kan du først kontakte Servicetorget eller bruke informasjonen, rettleiingane og karta på nettsida vår.
Dersom du kan søkje om tiltaket sjølv, kan du møte kommunen utan fagfolk.
Dersom tiltaket krev ansvarleg søkjar, bør både du som tiltakshavar og den ansvarlege søkjaren delta i møtet.
Slik ber du om førehandskonferanse
Du ber om førehandskonferanse ved sende ein e-post til post@kinn.kommune.no.
For at du skal få størst mulig utbytte av møtet ber vi om at e-post sendast inn saman med følgande informasjon:
- adresse og kart der tiltaket er teikna inn på eigedomen
- teikningar eller tydelege skisser som viser storleik og plassering
- ei kort skildring av tiltaket og kva det skal brukast til
- spørsmåla du ønskjer å få avklart i møtet
Det er viktig at kommunen får nødvendig informasjon på førehand. Då kan vi førebu oss og gi deg meir presis rettleiing i møtet.
Etter at du har bede om førehandskonferanse
Kommunen tek kontakt med deg og avtaler tidspunkt for møtet. Førehandskonferansen skal haldast seinast to veker etter at du har bede om han.
I nokre saker kan kommunen vurdere at det ikkje er behov for eit eige møte. Då kan du i staden få rettleiing på telefon eller e-post.
Etter førehandskonferansen
Kommunen skriv referat frå møtet. Referatet blir gjennomgått og godkjent av partane, og du får ein kopi.
Referatet byggjer på opplysningane og dokumentasjonen som låg føre i møtet. Dersom tiltaket blir endra etterpå, kan avklaringane frå førehandskonferansen falle bort eller måtte vurderast på nytt.
Merknader frå naboar, uttalar frå andre styresmakter eller nye opplysningar i saka kan også påverke den vidare behandlinga.