Søke på eiga hand

Nokre byggjetiltak kan du søkje om sjølv. Her finn du ei rettleiing som viser korleis du går fram når du skal sende inn byggjesøknaden på eiga hand.

1. Sjekk om du må sende inn byggesøknad 

Sjekk først om du må søke, om du kan søke sjølv eller om fagfolk må søke for deg.

2. Sjekk planar og føresegner for din eigedom 

Før du byggjer, riv eller gjer endringar på eigedomen, må du undersøkje kva planar og føresegner som gjeld. Planane avgjer mellom anna kva du kan byggje eller endre, og kva bygga på eigedomen kan brukast til.

3. Samle alt du må leggje ved byggjesøknaden

  • Skriv ut situasjonskart via vår kartportal og teikn byggetiltaket med mål inn på dette kartet
  • Du kan teikne tiltaket sjølv eller få nokon til å gjere det for deg.Søknaden skal innehalde målsette fasadeteikningar, planteikningar og snitt-teikningar. Teikningane må vere tydelege og godt utførte.

Teikningar og situasjonskart kan lastast opp i den elektroniske søknaden eller sendast til Kinn kommune per post.

Kinn kommune
Postboks 294
6701 Måløy

Dersom kommunen har tidlegare teikningar av eigedomen din, kan du bestille kopi av dei gjennom tenesta eTorg.

4. Varsle naboane dine 

Når du har samla dokumenta du treng til byggjesøknaden, må du varsle naboane.

Du treng ikkje sende nabovarsel dersom du berre skal gjere mindre arbeid som ikkje påverkar naboane.

Etter at nabovarselet er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Eventuelle merknader skal sendast til deg.

Bestill nabovarsel 

Dersom du ikkje har høve til å sende nabovarsel elektronisk, finn du skjema for nabovarsling på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.

Dokumentasjon som må vere med i nabovarselet:

  • ein kopi av nabovarselet
  • ei kvittering som viser at naboane har mottatt varselet
  • eventuelle merknader frå naboane
  • eventuell grunngiving for kvifor naboane ikkje er varsla

5. Send inn søknad

Søknaden kan sendes inn til kommunen på ulike måtar

  • Via eByggesak som er ein elektronisk løsying kor søknaden sendast inn via AltInn.

Send inn elektronisk søknad via eByggesak

Dersom du ikkje ønskjer å sende søknaden elektronisk, kan du sende han per post til:

Kinn kommune
Postboks 294
6701 Måløy

Mindre byggeprosjekt

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har laga ei oversikt over enkle skjema for nabovarsling og byggjesøknad for mindre byggjetiltak.

Søknadsskjema for mindre byggetiltak på boligeiendom

Dersom du ikkje har høve til å sende byggjesøknaden elektronisk, finn du søknadsskjema på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.

Rettleiing frå Direktoratet fra byggkvalitet

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har laga ei rettleiing som viser kva du må gjere når du skal søkje sjølv.