Kunngjering av vedtatt plan - Kommuneplanen sin arealdel 2026-2036 for Kinn kommune

Kinn kommunestyre har i møte 17.09.2026 i saknr 113/26 vedteke Kommuneplanen sin arealdel for Kinn kommune.

Planen erstatter: 

  • Kommuneplanens arealdel 2017-2027, Flora kommune av 21.03.2017, PlanID 140120140001. 
  • Kommuneplanen for Vågsøy 2002-2014 Arealdel av 27.11.2002., PlanID 1436200007
  • Kommunedelplan for Stavang 2004-2016 av 21.06.2005., PlanID 14012005 

Den vedtekne planen viser hovudtrekka i kommunen si arealdisponering, rammer for nye tiltak og ny arealbruk, samt kva viktige omsyn som må takast ved arealdisponeringa. I planarbeidet ved denne rulleringa er det lagt stor vekt på areal til bustad og næring – på land og i sjø -, der planen skal kunne vere eit verktøy for utvikling av Kinn kommune. 

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 11-15. 

Vedteke plankart, føresegn og skildring av planen kan sjåast på denne via arealplaner.no, under fana “Plandokumenter”.