Kunngjering av vedtatt detaljreguleringsplan: Slettevollholten, Brandsøy

Hovudformålet med planen er etablering av to garasje/lagerbygg med til saman 15 einingar. Eit større bygg med 11 einingar, og eit mindre med fire einingar. Brukarane er tiltenkt å vere privatpersonar og private verksemder som ikkje har tilstrekkeleg med lagerplass i Florø sentrum.

Kinn kommunestyre har i møte 29.10.2026, sak 149/26 vedteke  Privat Detaljregulering for Slettevollholten, Brandsøy, 18/264, Næring, PlanID: 20250007

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. 

Vedteke plankart, føresegn og skildring av planen, samt grunnlagsdokument og vedtak, kan sjåast ved å klikke på vedlegga under. Dokumenta er tilgjengelege via arealplaner.no. 

Planvedtak kan påklagast av dei som er part i saka. Eventuell klage skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland og sendast til Kinn kommune, via skjema klage på plan eller byggesak, på e-post til post@kinn.kommune.no eller i post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy innan 03.12.2026.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Vedlegg til kunngjeringa