Høyring av detaljreguleringsplan for Barstadvika

Plan- og miljøutvalet har vedtatt offentleg høyring av privat detaljreguleringsplan for Barstadvika. I denne kunngjeringa får du meir informasjon om planframlegget og korleis du kan gi høyringssvar. Frist for innspel er 14. desember 2026.

Plan- og miljøutvalet har i sak.nr. 074/26 godkjent at framlegg til Privat detaljregulering for Barstadvika, gbnr. 319/423 mfl. Næring, planid 20220103, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 5-2, § 12-10 og § 12-11.

Formål med reguleringa og skildring av planforslaget

Hovudformålet med planen er å legge til rette for etablering av klekkeri og settefiskanlegg for å forsyne eksisterande konsesjonsgjevne oppdrettsanlegg på 15 000 tonn, som inkluderer areal på tilgrensande eigedom i nord. For at dette skal vere mogeleg, er det planlagd å utvide den eksisterande fyllinga i sjø.

Planforslaget vil bidra til å vidareutvikle miljøet i Barstadvika gjennom eit breiare spekter av installasjonar i anlegget, og dermed styrke regionen sin posisjon innan opplæring og utdanning innanfor akvakultur. 

Ein detaljert situasjonsplan skal syne plassering av bygningar og anlegg, opparbeiding av utomhusareal, terrenghandsaming med høgder, tilkomst, interne køyrevegar og parkering. 

Grunna tiltaket sitt planlagde omfang, er det gjennomført ei konsekvensutgreiing som følgjar saka som eige vedlegg.

Overordna arealplan og konsekvensutgreiing

Etter å ha samanlikna planforslaget med den nylege vedtekne kommuneplanen, vurderast planforslaget å vere i tråd med gjeldande kommuneplan, der området er avsett til næringsføremål. I saksframlegget som vart lagt fram for plan- og miljøutvalet står det at planforslaget berre i nokon grad følgjar ny vedteken kommuneplan, grunna at delar av planforslaget vil overlappe med areal avsett til BSV (bruk og vern i sjø og vassdrag). Dette visar seg å ikkje stemme, då heile planforslaget ligg innanfor areal avsett til næringsføremål i den nye kommuneplanen. 

Planforslaget er vurdert i samsvar med plan- og bygningslova kapittel VII, «Konsekvensutgreiingar», med tilhøyrande forskrift. Tiltaket fell inn under oppfangskriteria i forskrifta §8 (planar og tiltak som skal konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn), då planlagde tiltak er vurdert å vere omfatta av vedlegg II pkt. 11, deponi av masse større enn 50daa eller 50 000m3. Tematikk som har blitt sett på som aktuell i konsekvensutgreiinga er landskap, naturmangfald, strandsoneinteresser, støy, forureina grunn og vassmiljø.

Offentleg høyring og frist for innspel

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 29.10.2026 – 14.12.2026. 

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. Du kan også sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no, seinast 14.12.2026. 

Planframlegget med relevante dokument kan sjåast ved å klikke på vedlegga under.

Sakshandsamar: Magnus Warland, tlf. 57756000.

Plandokument