Vaksinering i november - no kan du bestille time

I november er det tilbod for vaksinering mot influensa, korona og pneumokokkar (lungebetennelse) i Florø og Måløy. Vaksinane er særleg tilrådde for eldre og personar med auka risiko for alvorleg sjukdom. Du kan få fleire vaksinar samtidig, og prisen avheng av kva vaksinar du tek. Her finn du datoar, prisar og informasjon om korleis du bestiller time.

Vaksinering i Florø

Stad: Legegruppa SMS

Datoar:

  • Onsdag 11. november
  • Torsdag 12. november
  • Tysdag 17. november
  • Torsdag 19. november (ved behov)

Slik bestiller du time:

  1. Gå til Helsenorge.
  2. Vel timebestilling hos Legegruppa SMS.
  3. Vel «Vaksine» og skriv kva vaksine eller vaksinar du ønskjer.
  4. Du kan også ringe Legegruppa SMS for å bestille time.

Vaksinering i Måløy

Stad: Måløy legesenter

Datoar:

  • Onsdag 11. november
  • Torsdag 12. november

Slik bestiller du time:

  1. Gå til Helsenorge.
  2. Vel «E-kontakt» hos Måløy legesenter.
  3. Send ei melding der du skriv kva vaksine eller vaksinar du ønskjer.
  4. Du kan også ringe Måløy legesenter for å bestille time.

Pris for vaksinasjon

Pris for vaksinasjon hausten 2026
VaksinePris for éi vaksine (kr)Pris når du tar fleire vaksiner samtidig (kr)
Influensa308308
Korona11085
Lungebetennelse (pneumokokkar)11085
Alle tre vaksiner på same tid-478

Type vaksiner som er tilgjengeleg og kven dei er tilrådd

Influensavaksine

Tilrådd til: 

  • Alle frå og med 65 år.
  • Personar under 65 år med risikotilstandar, til dømes kronisk hjarte-, lunge-, nyre- eller leversjukdom, diabetes, nedsett immunforsvar eller alvorleg fedme.

Koronavaksine

Tilrådd til: 

  • Alle frå og med 75 år.
  • Personar 18–74 år med auka risiko for alvorleg covid-19.
  • Barn og ungdom med alvorleg grunnsjukdom, etter individuell vurdering.
  • Personar 65–74 år utan risikofaktorar kan få vaksine dersom dei ønskjer det.

Pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse)

Tilrådd til:

  • Personar frå og med 65 år, gjennom det nasjonale vaksinasjonsprogrammet.
  • Personar med særleg risiko, til dømes ved nedsett immunforsvar, manglande milt, kronisk hjarte-, lunge- eller nyresjukdom eller diabetes.