Ungdommens kommunestyre vil engasjere fleire

Ungdomane i Kinn vil vere med og påverke! Under kommunestyremøtet i går presenterte representantar frå Ungdommens kommunestyre (UKK) seg og fortalde om arbeidet sitt for å få fleire unge til å engasjere seg i lokaldemokratiet.

Steinar Jarle Stene (17) går studiespesialisering ved Måløy vidaregåande skule. Han er medlem av UKK og representerer ungdomane i plan- og miljøutvalet.- Vi frå junior kommunestyre vil gjerne presentere oss, slik at de blir kjend med oss, og veit kven som tek over når de pensjonerer dykk, sa han med latter frå salen.

Representantar frå Ungdommens kommunestyre orienterte politikarane om arbeidet sitt

Kornelia Reinen (15) går på Vågsøy ungdomsskule og er medlem i UKK. Ho engasjerer seg fordi ho meiner det er viktig at ungdomane si stemme blir høyrd.

– Og fordi eg interesserer meg for politikk, sjølvsagt!

Vil inspirere fleire ungdomar til å engasjere seg

Ungdomsordførar Anna Barlund Stensvoll fortalde om besøket på Florø ungdomsskule torsdag 29. oktober. Der heldt ho og Kornelia frå UKK eit føredrag for 8. klasse om kvifor det er viktig at ungdom engasjerer seg i nærmiljøet og lokalpolitikken.

Målet er å inspirere fleire til å seie meininga si, delta i demokratiet og kanskje sjølve ta på seg politiske verv i framtida.

Ungdomsrepresentantane fekk også innspel frå elevane som dei vil ta med seg vidare i arbeidet sitt. Dei håpar besøket kan bidra til å gjere det enklare og meir naturleg for ungdomar å engasjere seg i saker som påverkar kvardagen deira.