Ungdommens kommunestyre handsama onsdag to viktige saker som påverkar framtida til barn og ungdom i Kinn og omland. Dei vedtok ei uttale om vidaregåande opplæring, som er sendt til Vestland fylkeskommune, og gav innspel til kommunen sitt budsjett, økonomiplan og handlingsprogram for 2027–2030.
Ungdomsrepresentantane gir gode innspel til både tilbodet på Måløy vgs og kommunen sine økonomiske prioriteringarVil bevare utdanningstilboda i distrikta
Ungdommens kommunestyre er sterkt kritiske til framlegget om å redusere TAF/YSK-tilbodet ved Måløy vidaregåande skule.
TAF/YSK er eit utdanningsløp der elevane kombinerer yrkesfagleg opplæring med studiekompetanse. Tilbodet har vore ein del av Måløy vidaregåande skule sidan 2009, og har sterke band til næringslivet i regionen.
Ungdommane meiner tilbodet er viktig både for elevane og for å sikre rekruttering til arbeidslivet langs kysten. Dei peikar også på at tilbodet trekkjer elevar frå mellom anna Florø og Bremanger.
I uttalen ber UKK om at fylkeskommunen:
- Bevarer TAF/YSK-tilbodet ved Måløy vidaregåande skule.
- Gjenopprettar Vg2 industriteknologi, som er viktig for næringslivet i regionen.
- Sikrar fleksible krav til elevtal, slik at vidaregåande skular i distrikta kan oppretthalde utdanningstilbod også i år med færre søkjarar.
Ungdommane er særleg kritiske til framlegget om eit fast minstekrav på 12 elevar i yrkesfagklassar og 24 elevar i studieførebuande klassar.
Dei meiner at usikkerheit om kva utdanningstilbod som blir starta opp, kan gjere det vanskelegare for ungdom å velje den utdanninga dei eigentleg ønskjer.
Fritidstilbod, skule og vedlikehald er viktige prioriteringar
I arbeidet med kommunen sin økonomiplan vart ungdommane delte inn i tre grupper. Kvar gruppe skulle peike ut tre viktige tiltak for Kinn kommune dei neste åra, og velje ut det dei meinte var aller viktigast.
Dei tre gruppene prioriterte ulike tiltak:
- Betre fritidstilbod: Opprusting av fritidstilbod, idrett og ungdomsklubbar. Ungdommane meiner det er viktig med gode møteplassar som skaper fellesskap og førebyggjer utanforskap.
- Vedlikehald av kommunale bygg: Ta betre vare på både gamle og nye bygg for å unngå større kostnader i framtida, ta omsyn til miljøet og bevare lokalhistoria.
- Betre tilrettelegging i skulane: Fleire lærarar og betre tilgang til både fysiske og digitale læringsverktøy.
Ungdommane løfta også fram behovet for betre kollektivtransport og fritidstilbod som er tilgjengelege for alle, uavhengig av økonomi og kvar dei bur.
Dei ønskjer mellom anna meir støtte og praktisk hjelp til ungdomsklubben i Eikefjord, og at det blir vurdert å flytte Haffen til Florø kulturhus.
Vil påverke framtida i Kinn
Ungdommens kommunestyre tok budsjett, økonomiplan og handlingsprogram for 2027–2030 til vitande. Innspela frå ungdommane blir tekne med i det vidare arbeidet med kommunen sine prioriteringar.
Ved å engasjere seg politisk får ungdommens kommunestyre ungdom i Kinn høve til å påverke politiske saker som betyr noko for dei, både lokalt og elles i regionen vår.