Sylvi Hovland er kåra til årets vernepleiar!Lytt til tekstenStopp avspillingMed eit stort engasjement for menneska rundt seg, solid fagkompetanse og eit varmt hjarte for både brukarar og kollegaer, er Sylvi Hovland i Kinn kommune kåra til årets vernepleiar av Fagforbundet Vestland.Sylvi jobbar i tenesta for psykisk helse og rus, der ho gjennom mange år har vore ein viktig ressurs for både tenesta, brukarane og kollegaene sine.Gjer ein forskjell kvar einaste dagI grunngjevinga for nominasjonen blir Sylvi trekt fram som ein fagleg dyktig, engasjert og ansvarsbevisst vernepleiar, med ei særleg evne til å kombinere høg fagleg kompetanse med varme, omsorg og eit genuint engasjement for andre.Ho deler raust av kunnskapen sin, rettleier kollegaer og inspirerer andre til fagleg utvikling. Med si positive og inkluderande framferd bidreg ho til eit miljø der både brukarar og kollegaer opplever tryggleik, respekt og tilhøyrsle.Ei velfortent anerkjenningGjennom eit langt yrkesliv har Sylvi sett varige spor hos brukarar, pårørande og kollegaer. Utmerkinga er ei anerkjenning av den viktige innsatsen ho har lagt ned gjennom mange år, og framleis legg ned kvar einaste dag.Vi i Kinn kommune er stolte av å ha Sylvi med på laget, og gratulerer så mykje med den velfortente utmerkinga som årets vernepleiar! Publisert 27.11.2026 14.06 Sist endra 27.11.2026 14.06