Stortingsrepresentant på besøk i nye AlbertatunetLytt til tekstenStopp avspillingStortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe (Høgre), som sjølv er frå Florø, har vore på besøk i heimbyen. Som første nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget fekk han høve til å sjå korleis den nye omsorgsinstitusjonen Albertatunet tek form.Saman med representantar frå Kinn kommune og entreprenøren Åsen & Øvrelid fekk han ei omvising på byggeplassen. Turen gjekk også opp i fjerde etasje, der dei fekk nyte den flotte utsikta over Florø.Stortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe besøker Albertatunet i Florø. Frå venstre Anita Eikevik, Erlend Svardal Bøe, Bengt Solheim-Olsen, Elin Sørbotten og John Ivar Flaten hos Åsen og Øvrelid.Albertatunet er ei viktig satsing for å møte framtidas behov for helse- og omsorgstenester i Kinn kommune. Når bygget står ferdig, skal det romme 100 institusjonsplassar, ny base for heimetenestene, legevakt, dagaktivitetstilbod, lokale for trening og rehabilitering og kafé.God framdrift i byggearbeidetByggearbeidet har hatt god framdrift gjennom hausten, og den nye omsorgsinstitusjonen tek stadig meir form. No er målet å få den delen av bygget som vender mot vest, tett. Det vil seie at bygget blir skjerma mot vêr og vind, slik at ein kan starte med det innvendige arbeidet i denne delen.Etter planen skal Albertatunet vere klart til overlevering og innflytting i oktober 2028. Publisert 24.11.2026 08.33 Sist endra 24.11.2026 08.33