Status på arbeidet med Albertatunet - det er god framdriftLytt til tekstenStopp avspillingArbeidet med den nye omsorgsinstitusjonen Albertatunet i Florø har hatt god framdrift gjennom hausten. No tek bygget stadig meir form, og målet er å få taket på den vestlege delen tett innan årsskiftet.Dei siste betongelementa i taket på vestblokka skal etter planen vere monterte i månadsskiftet november/desember. Samstundes er arbeidet med ytterveggane på vestblokka i gang. Dette arbeidet vil halde fram utover vinteren og våren 2027.På austblokka held betongarbeidet fram ei stund til, før arbeidet med tak og ytterveggar kan starte. Dette er viktige steg på vegen mot eit tett bygg, slik at det innvendige arbeidet etter kvart kan kome i gang for fullt.Arbeid i Hans Blomgate i novemberI løpet av november blir det også utført arbeid i Hans Blomgate. Her skal det settast ned nye kummar og etablerast tilkoplingar til Albertatunet.I starten av desember skal det i tillegg installerast ein ny transformator som skal sikre straumforsyninga til bygget.Arbeidet med Albertatunet held fram på fleire område, både med sjølve bygget og den naudsynte infrastrukturen rundt. Publisert 04.11.2026 08.23 Sist endra 04.11.2026 08.23