Saker frå sist kommunestyre som vart utsett til neste møte

Kommunestyremøte den 29. oktober vart korta ned og avslutta litt før kl. 16.00. Difor vart det fleire saker som vart utsett til neste kommunestyremøte den 17. november. Mellom anna vart saka om restlysforsterkande og termiske siktemiddel knytt til hjortejakt ikkje behandla i sist kommunestyremøte.

Følgande saker vart utsett til kommunestyret 17. november

  • 134/26 - Orienteringssak om tilstandsrapport for Kinn barnevern
  • 135/26 - Forskrift om vedtekter for kommunal skulefritidsordning i Kinn kommune
  • 138/26 - Havhesten Kinn kommune KF - Tertialrapport 2026
  • 139/26 KURS KF 2. tertialrapport og budsjettrevisjon 2026
  • 140/26 2. tertialrapport - Bordgleder KF
  • 141/26 Revidert budsjett 2026 - Bordgleder Kinn kommune KF
  • 144/26 - Mentorordning for ungdomsrepresentantar i politiske møte
  • 145/26 - Delavtalar Helse Førde og Kinn kommune
  • 146/26 - Vedtak om forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kinn kommune 
  • 150/26 - Rapport kommunal veg og bruer - med plan for oppfølging
  • 151/26 - Interpellasjonar 

Sakene er ikkje lagt til i møteplanen for neste kommunestyremøte endå. Men du kan sjå saksframlegga i møteplanen frå møtet den 29. oktober her.