Det vart ei stor overrasking for Ramona, som deltok på konferansen saman med ein kollega. Ho visste nemleg ikkje at ho var nominert til prisen. I salen sat også rektor ved Brandsøy skule, Monica Bøhmer, som hadde sendt inn nominasjonen i all løynd.

– Ho har ei heilt spesiell evne til å sjå alle
Ramona er SFO-leiar og fagarbeidar ved Brandsøy skule. I nominasjonen trekker rektor fram den unike evna hennar til å møte barn med varme, tolmod og forståing.
– Hennar barnesyn er ikkje berre godt; det er magisk. Ho trivst aller best saman med dei barna som strevar litt, og ho møter dei med ei varme og eit nærvær som er sjeldan å finne, skriv Monica i nominasjonen.
Ramona blir skildra som ein engasjert og leiken vaksen som skaper tryggleik, meistring og glede for barna. Ho er også ein viktig ressurs for kollegaene sine, både i SFO og i skulen.
Ein pådrivar for SFO i heile Kinn
Engasjementet til Ramona strekker seg langt utover Brandsøy SFO. Ho har mellom anna vore ein sentral pådrivar for å styrke samarbeidet mellom SFO-ane i kommunen, gjennom felles personalmøte og ei eiga Teams-gruppe for dei tilsette.
I nominasjonen blir ho også trekt fram for evna til å motivere kollegaene sine og finne kreative løysingar som gir barna ein endå betre SFO-kvardag.
– Ramona ser alle. Vi har eit fantastisk lag av barnerettleiarar her hos oss, men Ramona har det vesle ekstra som gjer at akkurat ho fortener å bli kåra til Årets barneveileder 2026, skriv rektor.
Ei velfortent utmerking
Det er Nettverket! for SFO som står bak den nasjonale kåringa. Prisen skal løfte fram tilsette som kvar dag gjer ein viktig forskjell for barn gjennom tryggleik, inkludering og leik.
Vi er stolte av å ha Ramona med på laget, og gratulerer så mykje med den flotte og velfortente utmerkinga!
Les meir på Nettverket! for SFO si heimeside