Møte i finansutval og formannskapet på tysdag

Komande tysdag er det møte i finansutvalet og formannskapet. Møtet vert halde på møterom Skongenes på Øklandbygget i Florø, men vert direktesendt via kommuneTV. I denne artikkelen finn du meir informasjon om møtet og lenke til direktesending. Politikarane skal mellom anna handsame gebyr for 2027, lønsjustering for kommunedirektør og budsjett, økonomiplan og handlingsprogram for 2027-2030. I tillegg skal formannskapet ta stilling til økonomisk medverknad til “Storhall i Vest”.

Dagen starter med finansutval frå kl. 9.00, og møtet i formannskapet starter om lag kl. 10.00. 

Handsaming av gebyr for 2027

Kommunestyret har tidlegare vedteke at kommunale gebyr skal leggast fram for kommunestyret seinast ein månad før kommunen skal vedta samla budsjett og handlingsplan kvart år. Dei fleste gebyra som leggast fram i møtet har ei auke på 3,8 % frå 2026 til 2027. Auken er i samsvar med deflator som vart lagt fram i statsbudsjettet. I saka ligg det ein omtale av nye gebyr og endringar utover deflator.

Budsjett, økonomiplan og handlingsprogram for 2027-2030

Kommunedirektøren overleverer utkast til budsjett, økonomiplan og handlingsprogram for 2027-2030 til formannskapet denne dagen. Endelig handsaming av saka skjer i kommunestyret sitt møte den 15. desember, men det blir ein prosess som skal følgjast fram til den datoen:

  • Kinn formannskap vedtar sitt framlegg til økonomiplan og handlingsprogram 2027-2030 for Kinn kommune i møte 26. november. 
  • Kinn formannskap sitt framlegg vert offentleggjort minimum 14 dagar før Kinn kommunestyre gjer endeleg vedtak. 
  • Kinn kommunestyre gjer endeleg vedtak om økonomiplan og handlingsprogram 2027-2030 for Kinn kommune i møte 15. desember. 

Økonomisk medverknad i realisering av fotballhallen “Storhall i Vest”

Politikarane skal ta stilling til ein søknad om 18 millionar kroner i investeringsstøtte til Storhall i Vest, ein planlagd fotballhall ved Litlevatnet i Florø. Prosjektet har ein samla kostnad på 146,3 millionar kroner. Kommunedirektøren rosar engasjementet og arbeidet bak prosjektet, men tilrår å avslå søknaden. Grunngjevinga er den krevjande kommuneøkonomien, behovet for vedlikehald av eksisterande bygg og uvisse knytt til finansiering og framtidig drift.

Les alle sakene og tilhøyrande dokument i møteplanen

Du finn alle sakene som ligg til behandling i møteplanen vår.

Direktesending frå kl. 9.00

Du kan følgje møtet via kommuneTV frå kl. 9.00.