Mellombels flytting av ressurssenter for demensrammaLytt til tekstenStopp avspillingFrå og med 23. november 2026 vert dagtilbodet ved Ressurssenter for demensramma mellombels flytta til aktivitetssenteret på E-fløya ved Kulatoppen omsorgssenter. Bakgrunnen for flyttinga er at dei noverande lokala skal få skifta vindauge.Flyttinga er planlagt som ei mellombels løysing medan arbeidet pågår.Vi ønskjer samstundes å nytte perioden til å prøve ut dei nye lokala og sjå på moglegheiter for vidare utvikling av dagtilbodet. Målet er å sikre eit godt og framtidsretta tilbod med høg kvalitet for brukarane våre.Praktisk informasjonOpningstidene for dagtilbodet er uendra: kl. 9.45 - 14.45.Inngang til dagtilbodet vil vere på baksida av bygget. Det er god tilkomst, og vi legg til rette for ein trygg og føreseieleg kvardag for brukarane.Tilbodet vil vere samla i aktivitetssenteret på E-fløya alle kvardagar.Tilsette vil vere til stades som vanleg og sørgje for at overgangen til dei nye lokala vert så smidig som mogleg.Vi er opptekne av at brukarane skal oppleve tryggleik, trivsel og gode aktivitetar også i den mellombelse perioden. Dersom pårørande eller andre har spørsmål om flyttinga, er dei velkomne til å ta kontakt.Vi ser fram til å ta imot brukarane i dei nye lokala ved Kulatoppen omsorgssenter. Publisert 13.11.2026 12.40 Sist endra 13.11.2026 12.40