Les ei bok før jul – og vinn fine premiar!Lytt til tekstenStopp avspillingLikar du å lese? No inviterer Florø folkebibliotek og Vågsøy folkebibliotek til lesekonkurranse med fine premiar. For kvar bok du les, får du eitt lodd i trekninga!Frå 16. november til 16. desember kan du bli med i trekninga av julebrus og gåvekort. Du vel sjølv kva du vil lese, og både lydbøker og e-bøker tel med.Slik blir du medHent eit leselodd på Florø folkebibliotek eller Vågsøy folkebibliotek.Les ei bok, høyr ei lydbok eller les ei e-bok.Fyll ut leseloddet og lever det på biblioteket.Du kan levere eitt lodd for kvar bok du les. Dess fleire bøker du les, dess fleire vinnarsjansar får du!Dette kan du vinneTo kasser med julebrus frå eit lokalt bryggeri.Fire gåvekort på 200 kroner frå Norli Florø eller Norli Måløy.Vi trekker tre vinnarar ved kvart bibliotek. Vinnarane blir kontakta på telefon.Når og kvar kan du levere leselodd?Du kan hente og levere leselodd frå 16. november til og med 16. desember.Dette kan du gjere i den vanlege opningstida til biblioteka. Har du aktivert tilgang til meirope bibliotek på lånekortet ditt, kan du også hente og levere lodd utanom den betente opningstida.Finn fram ei god bok og bli med i trekninga! Publisert 16.11.2026 10.22 Sist endra 16.11.2026 10.22