KURS KF delte integreringserfaring på nasjonalt møte

Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS KF) har arbeidd med integrering sidan 1987. Fredag 23. oktober var dagleg leiar Eva Melvær Langaas invitert til å dele erfaringane frå Kinn under eit nasjonalt møte om flyktningsituasjonen.

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng samla kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar til møte om flyktningsituasjonen i Noreg. På programmet stod mellom anna status for mellombels kollektivt vern, busetting og kvalifisering av flyktningar.

Nesten 40 år med erfaring

Kinn kommune var invitert til å halde eit innlegg om vellukka integrering i lokalsamfunnet. Dagleg leiar i KURS KF, Eva Melvær Langaas, fekk presentere korleis langsiktig arbeid, samarbeid og vilje til å prøve nye løysingar har bidrege til å utvikle integreringsarbeidet i Kinn.

Heilt sidan 1987 har arbeidet vore tufta på nokre viktige prinsipp: Å møte menneske med realistiske krav og forventningar, kombinere norskopplæring med arbeid og arbeidstrening, og legge til rette for deltaking i samfunnet.

Ein viktig del av arbeidet har også vore å lære av andre, dele eigne erfaringar og vere nysgjerrige på nye arbeidsmetodar. Integrering er ikkje eit tidsavgrensa prosjekt, men ei varig og felles kommunal oppgåve som krev samarbeid på tvers av tenester, fagmiljø og næringsliv.

Bowl Kafé blei trekt fram som eit godt døme på integreringsarbeidet

Eitt av dei konkrete døma på integreringsarbeidet er Bowl Kafé, eit lunsjtilbod (deltakarar Vippsar det ein «maktar») der alle innbyggarar er velkomne til å smake på mat frå ulike delar av verda – og som er laga av elevar på KURS KF i lag med kokk Tore Skarstein. Tilbodet eksisterer takka vere engasjerte personar innan KURS KF, helse og velferd, Frivilligsentral og Kinn sokneråd.

Bowl Kafé handlar sjølvsagt også om meir enn mat. Det er ein inkluderande møteplass der innbyggarar kan møtast på tvers av språk, kultur og bakgrunn. Mat er noko vi alle har eit forhold til, og kan vere ein fin inngang til samtalar og nye kjenningar. På berre eit par timar kjem det mellom 200 – 250 menneskjer av alle aldrar og bakgrunnar innom.

Ein treng heller ikkje snakke same språk for å dele ei god matoppleving. Eit smil, eit anerkjennande nikk eller eit klassisk «chef’s kiss» kan seie meir enn tusen ord – sjølv om det vert engasjerande samtalar i lag også.

Lokale erfaringar av nasjonal interesse

Invitasjonen til det nasjonale møtet gav KURS KF høve til å dele erfaringar frå nesten fire tiår med integreringsarbeid.

Gjennom å kombinere opplæring, arbeidstrening og sosiale møteplassar har KURS KF utvikla eit arbeid der målet er at fleire skal kunne delta aktivt i arbeids- og samfunnslivet.

At erfaringane frå Kinn nok ein gong blir løfta fram i ein nasjonal samanheng, er ei fin anerkjenning av det langsiktige arbeidet som er lagt ned i kommunen.

Kinn kommune mottok busettings- og integreringsprisen i 2022 frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Juryen trekte fram kommunen sitt langsiktige og målretta arbeid med å knyte integrering til utdanning og arbeidsliv. Kinn fekk også ros for innovative prosjekt, godt samarbeid og heilskapleg integreringsarbeid som kan inspirere andre kommunar.