KommuneTV er tilbake - du kan følgje sendinga frå kl 12.30Lytt til tekstenStopp avspillingOppdatert: Feilen er retta frå leverandør, og du kan følgje kommunekonferansen og kommunestyret via kommuneTV. Opphavleg meldingLeverandør av kommuneTV melder at ein 3. partsleverandør av avspillaren til kommuneTV utfører uvarsla vedlikehald. Difor er alle kommuneTV løysingar i landet ute av drift.Det er uvisst kor tid avspillaren er oppe og gå - og dagens sending vil difor ikkje fungere via kommunen si kommuneTV løysing medan vedlikehaldet pågår. Opptaket frå dagens kommunekonferanse og kommunestyre vert likevel publisert i sin heilskap i etterkant av møtet.Sendinga vil vere synleg via kinn.kommuneTV.no igjen når leverandøren har løyst problemet. Publisert 29.10.2026 10.42 Sist endra 29.10.2026 11.54