Kommunestyret opnar for bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt i Kinn

Kinn kommunestyre har vedteke lokal forskrift som opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Forskrifta er gjeldande frå 17. november 2026.

Målet er å bidra til å redusere hjortebestanden og avgrense beiteskadar i landbruket. Kommunen har over fleire år arbeidd for å redusere hjortebestanden, men nedgangen har så langt ikkje vore stor nok til å snu den negative utviklinga i vekt og kondisjon hos dyra.

Kva betyr dei to omgrepa?

Termiske siktemiddel registrerer varmestråling frå dyr, medan restlysforsterkande siktemiddel gjer det lettare å sjå under dårlege lystilhøve.

Kommunestyret si handsaming

Det var mange delte meiningar om saka frå politikarane si side under handsaminga av saka. Forskrifta vart vedteke med 22 for, og 15 i mot. 

Forskrifta gjeld frå 17. november 2026 og opnar for bruk av slike siktemiddel innanfor dei rammene som er fastsette.

Ordlyden i forskrifta blir endra frå "innmark" til "opent terreng"

Lenke til vedteken forskrift og politisk sak