Kommunekonferanse – kvalitet og utvikling på agendaen
Kommunekonferansen går føre seg frå klokka 09.00 til 14.00. Her treffast folkevalde, kommuneleiing, tenesteleiarar, tillitsvalde og verneombod. På programmet står mellom anna resultat frå innbyggarundersøkinga, kvaliteten på tenestene og arbeidet med økonomiplan for 2027–2030. Sektorane skal også presentere resultat, utviklingsarbeid og korleis dei arbeider med omstilling.
Ordførar Bjørn Ole Gleditch frå Sandefjord kommune deltek for å dele erfaringar frå ein kommune som har oppnådd gode resultat i Kommuneindeksen. Sandefjord vart i 2026 kåra til Noregs best styrte kommune under Arendalsuka i sommar, der resultata frå Kommuneindeksen vart lagt fram.
Kommunestyret starter sitt møte kl. 14.00
Etter konferansen held kommunestyret ordinært møte frå klokka 14.00 til 19.30 i festsalen i Florø kulturhus.
Reviderte vedtekter for kommunale barnehagar
Kommunestyret skal ta stilling til nye og tilpassa vedtekter for kommunale barnehagar. Det er føreslått i dei nye vedtektene å mellom anna at
- barnehagane held stengd 24. og 31. september
- det vert behovsprøvd stenging eller avgrensa opningstid i romjula, og dagane mellom plamesøndag og skjærtorsdag
- det vert krav om tre veker samanhengande ferie for barna, i perioden skulane har sommarferie
- kommunen normalt tilbyr 100 prosent barnehageplass, og at ordninga med reduserte plassar vert tatt ut av vedtektene
Du kan lese heile saksframlegget og vedtektene i møteplanen vår.
Prosjektplan for Florø barneskole inkludert ny gymsal
Saka var til handsaming i formannskapet 15. oktober. Formannskapet vedtok å auke ramma for prosjektet til 330 millionar kroner - formannskapet sitt framlegg til vedtak følgjer saka til kommunestyret. Formannskapet sitt framlegg er slik:
FORM- 099/26 Vedtak:
- Prosjektramma vert auka til samla 330 MNOK inklusiv kostnader frå og med 01.01.26.
- Prosjektet skal som følje av den auka ramma prioritere føljande tiltak:
- Tiltak for energiøkonomisering.
- Etablere eit tilbygg på dagens «gymsalblokk» mot småskulen. Størrelsen for tilbygget skal være stort nok til at ein får flytta forskarrommet og biblioteket tilbake inn i skulen. Arealet skal også være stort nok til at ein utbetrar den tronge løysninga for inngangspartiet og amfiet, til ein betre og funksjonell løysning.
- Prestegarden utgår som pedagogisk areal.
- Lærararbeidsplassane skal samlast innafor to plan.
- Oppgradering av uteområdet.
- . Ber om at adm har dialog med skulemusikken om øvingslokale.
Mentorordning for ungdomsrepresentantar
Kommunestyret skal ta stilling til ei mentorordning for ungdom som deltek i politiske møte. Ordninga er føreslått av Ungdommens kommunestyre og skal bidra til at ungdomsrepresentantane kjenner seg tryggare og får betre støtte i møte med lokalpolitikken. Forslaget inneber at kvart politiske utval peikar ut ein eller to mentorar som kan hjelpe ungdommane med praktiske spørsmål og forståing av korleis dei politiske møta fungerer. Mentorane skal ikkje påverke ungdommane politisk.
Bruk av termiske siktemiddel under hjortejakt
Kommunestyret skal handsame saka om å tillate bruk av termiske og lysforsterkande siktemiddel under hjortejakt. Formannskapet hadde saka til handsaming 15. oktober, men bad om fleire opplysningar som kunne følgje saka vidare til kommunestyret. Det følgjer no eit tilleggsnotat i saka til kommunestyret, som svarar på etterlyste opplysningar.
I det opphavlege framlegget til forskrifta var bruken av slike siktemiddel avgrensa til innmark, mellom anna for å redusere beiteskadar og ta omsyn til dyrevelferd. Nye avklaringar frå Landbruksdirektoratet viser at kommunen ikkje har heimel til å avgrense bruken ytterlegare til berre innmark. Dersom kommunen opnar for bruk, må løyvet gjelde i alt ope terreng. Det omfattar også mellom anna hogstflater og andre opne skogsområde.
Les alle sakene i møteplanen
Du finn alle sakene som står på agendaen til kommunestyret i møteplanen vår.
Direktesending frå kl. 9.00
Kommunekonferansen og møte i kommunestyret vert direktesendt via kommuneTV. Sjå sendinga nedanfor: