Les kommunedirektøren sitt utkast til handlingsprogram og økonomiplan 2027-2030
Ressursrik kommune
Kinn kommune har eit godt utgangspunkt for å møte framtida, trass generelt større press på kommuneøkonomien enn tidlegare. Tilsette, leiarar og tillitsvalde bidreg til god kvalitet og viser tilpassingsevne til vanskelege prioriteringar.
Vi har vedtak på planverk som gjev oss strategiar og retning. Som viktig næringskommune er vi prisgitt nasjonale og internasjonale rammevilkår. Usikkerheit om framtidige godkjenningar til å drive havbruk, reduserte fiskerikvotar, mogeleg fall i oljeproduksjon med påfølgjande effektivisering og tilnærma stopp i «grøne investeringar» gjer at vi bør ha eit realistisk framtidsbilde. Kommunen har i dag eit bra utgangspunkt med innteker frå kraft og havbruk som er viktige inntektskjelder utover rammetilskott og skatt.
Folketalsveksten flatar ut
Vi har lagt bak oss fleire år med god folketalsutvikling, særleg knytt til busetting og integrering. Det er grunn til å tru at folketalsutviklinga flatar ut og blir noko redusert med utgangspunkt i m.a. færre oppgåver innan flyktningfeltet. Vi må også forvente større mobilitet hos innbyggjarane, då vi også ser at fleire vaksne, godt opp i 60-70 åra, har endra flyttevanar, og vi ser større tilbakeflytting til aust Europa.
Modige val
Kommuneplanen sin samfunnsdel fokuserer på tenesteutvikling, økonomiske bereevne, demografi og arealstrategi. Skal vi lukkast med å halde oppe eit levande lokalsamfunn, må vi vere opne for endring, rause i møte med nye innbyggarar, modige i val og kloke i planlegging. Samarbeid og samskaping om arbeidskraft og utvikling av tenester blir avgjerande i omstillingsarbeid og kunne tiltrekkje oss etableringar og lokke til oss innbyggjarar.
Høg fondsbruk i dag, reservar er brukt opp når vi treng dei. Auka press på driftsøkonomi
I tertialrapportane i 2026 har vi nedjustert inntekter frå havbruksfondet og teke omsyn til mogeleg stigning i renta. Vi har også ei mogeleg underdekning på 10 mill. kr. som skuldast nokre få urealistisk føresetnader. Driftsbudsjettet er likevel basert på bruk av fond for å få balanse.
Det vanskeleg ligg føre oss
Dei vanskelegaste oppgåvene i omstillingsprogrammet ligg føre oss, mellom anna med omsyn til tilpassing av tenestetilbodet til aukande eldre befolkning. Vi har slitasje i høve stort omfang av omstilling og vi må vere aktive for å ivareta tilsette i ei tid med mange endringar.
Gjennom arbeidet i finansutvalet denne hausten, og arbeid med omstillingsprogrammet, har vi vist kor vanskeleg det er å komme ned på eit nivå som oppnår økonomisk balanse og kunne ta ut den effekten vi kan oppnå sett mot korleis andre kommunar driv.
Ut i økonomiplanen har vi ikkje tilfredsstillande økonomiske resultat og manglande disposisjonsfond kjem til å gjer denne jobben tøffare. Det blir peika på at auke i eigedomsskatt kan bli naudsynt som kompensasjon om vi ikkje greier driftsreduksjonane. Vi har i dag brukbar kvalitet på tenestene, men med dei omfattande driftsreduksjonane som ligg til grunn kan vi ikkje utelukke at vi går for langt ned og ikkje kan drive forsvarleg eller innanfor gjeldande regelverk.
Store byggjeprosjekt
Bygging av Skram skole er snart ferdigstilt, og det ligg ikkje føre avvik på framdrift eller budsjett. Gate 1 prosjektet er snart ferdig utan større endringar under gjennomføring. Albertatunet har god framdrift og budsjettgjennomgangen viser at vi er det vi skal vere. Brannstasjon i Måløy er teken i bruk. Innan nyttår tek vi sikte på å lyse ut etter entreprenør for brannstasjon i Florø. Vi startar investeringsprosjekt på Florø Barneskule.
Store inntekter frå havbruk, vatn og vind – stor risiko for reduksjon i inntekter
Kinn kommune er ein kommune med store inntekter frå naturressursar. Som kommune har vi tilrettelagt for bruk av sjø- og landareal til næring, kraft og oppdrett. Vi har rettmessig krav på inntekter som kompensasjon, for å stille areal til disposisjon. Inntektene, særleg frå havbruk, er usikre. Stortinget fatta ikkje endeleg vedtak i samband med handsaming av havbruksmeldinga, men føringar for vidare arbeid gjev grunn til risiko og usikkerheit om framtidig storleik.