Kommunen si kriseleiing, deltakarar frå politiet og Forsvaret deltek i øvinga, som blir gjennomført som ein diskusjonsøving på rådhuset i Måløy.
Øvinga tek utgangspunkt i ein tenkt situasjon der den tryggleikspolitiske situasjonen er alvorleg. Kva gjer kommunen til dømes dersom straumen blir borte over lengre tid, mobilnettet sluttar å fungere eller internett fell ut? Korleis skal vi nå ut med viktig informasjon til innbyggarar, og korleis kan vi sikre at dei som treng hjelp, framleis får det?
Dette er døme på utfordringar kriseleiinga må vere førebudd på.
Sikre viktige tenester til innbyggarane
Sjølv i ein alvorleg krisesituasjon må kommunen prøve å halde oppe viktige tenester som helse og omsorg, vatn og avløp og andre samfunnskritiske funksjonar.
Gjennom øvinga diskuterer kriseleiinga mellom anna korleis kommunen skal prioritere ressursar, dele informasjon og samarbeide med andre myndigheiter og beredskapsaktørar.
Betre førebudd når det gjeld
«Norge øver» er utvikla av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med statsforvaltarane, som ein del av Totalforsvarsåret 2026.
Føremålet er å gjere kommunane betre førebudde på alvorlege hendingar gjennom diskusjon, samarbeid og erfaringsdeling.
Dette er ei planlagd øving med oppdikta scenario, og ikkje ein reell krisesituasjon.