Informasjonspunkt under ei krise

I krisesituasjonar der straum og mobildekning er vekke over eit lenger tidsrom opprettar kommunen fysiske informasjonspunkt på stader vi har tilgang på reservestraum og alternativ kommunikasjon. Her kan du møte opp dersom du har behov for informasjon frå kommunen eller treng å varsle naudetatar. 

Dette er kommunen sine informasjonspunkt:

  • Florø omsorgssenter, Kinnvegen 1A, 6906 Florø
  • Allhuset i Eikefjorden, Indrebøvegen 1, 6940 Eikefjord
  • Måløy rådhus, Gate 1 120, 6700 Måløy
  • Kulatoppen omsorgssenter (dersom det er fare for at Måløybrua stenger), Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen

Viktig å vere klar over

Informasjonspunkta er ikkje ei erstatning for eigenberedskapen din og du treng ikkje å møte opp på informasjonspunktet dersom du ikkje har behov for informasjon eller å varsle nødetatar. Du bør framleis sørge for å ha ein DAB-radio med batteri og gjerne tilgang på mobilabonnement i ulike mobilnett. Les meir om korleis du kan førebu deg på langvarig bortfall av straum og mobildekning på dsb.no.