I dag har leiarane våre fokus på utanforskap

Korleis kan vi samarbeide betre, tenke nytt og finne gode løysingar på utfordringar som gjeld oss alle? I dag er fokuset vårt på utanforskap, når leiarane våre er samla på Florø kulturhus. Samlinga er ein del av leiarutviklingsprogrammet vårt, som har gått føre seg sidan hausten 2025.

Gjennom leiarutviklingsprogrammet ønskjer vi å bygge ein sterkare organisasjon, der vi delar kunnskap, lærar av kvarandre og samarbeider betre på tvers av tenestene.

Målet er å utvikle oss som leiarar og organisasjon, slik at vi kan bruke ressursane våre betre og skape gode, framtidsretta tenester for deg som bur her.

Utanforskap er eit viktig område å sette fokus på

På kommunedagen setter vi fokus på utanforskap, som også er særskild utheva som eit satsingsområde i samfunnsplanen vår. Det er ei utfordring som kan råke menneske i alle aldrar, anten det handlar om barn og unge som fell utanfor skule eller fritidsaktivitetar, vaksne som står utanfor arbeidslivet, eller menneske som møter hindringar for å delta i fellesskapet.

Gjennom dagen får leiarane ulike perspektiv på kva som kan føre til utanforskap, og korleis vi kan arbeide saman for å førebygge det.

  • Per Anders Nordengen opnar med eit kåseri om utanforskap, der han kombinerer humor og alvor for å skape refleksjon rundt kva vi kan gjere.
  • Cecilie Udberg-Helle tek føre seg utanforskap blant barn og unge, med erfaringar frå arbeidet med skulefråvær i Sunnfjord kommune.
  • Cicilie Færestrand og Venke Olafsson går innom risikofaktorar for å falle utanfor arbeidslivet, mellom anna langtidssjukefråvær, tilbakeføring til arbeid og omstilling i næringslivet.
  • Representantar frå ulike tenester og brukargrupper deler erfaringar med demensvennlege samfunn, fysisk tilrettelegging og deltaking i bustad, arbeid og fritid. Vi får også høyre om FRAM-prosjektet til Origod.

Vi finn løysingane saman

Innbyggarane møter oss som éin kommune, sjølv om vi jobbar innanfor ulike fagområde og tenester. Difor er ein viktig del av leiarutviklinga å løfte blikket frå eiga teneste og sjå korleis vi kan løyse utfordringar saman – alle har ei rolle å spele.

På kommunedagen skal leiarane jobbe i grupper på tvers av sektorar og fagområde. Her skal dei dele erfaringar, drøfte utfordringar og finne moglegheiter for betre samarbeid.

Mot slutten av dagen skal gruppene prioritere konkrete tiltak og kome med forslag til korleis vi kan styrke arbeidet mot utanforskap. Innspela blir samla inn og kan danne grunnlag for vidare utvikling av tenestene våre.

Kommunedagen er ein del av det langsiktige arbeidet med å utvikle Kinn kommune som organisasjon. Når vi delar kunnskap og brukar kompetansen vår saman, står vi betre rusta til å møte framtidige utfordringar og gi gode og samanhengande tenester.