Gate 1 i Måløy blir mellombels stengd under riving av VengengårdenLytt til tekstenStopp avspillingOppdatering 1. oktober: Det er gjort nokre endringar i den mellombelse trafikkløysinga: Bedehusbakken mellom Gate 1 og Gate 2 er tilbake til vanleg einvegskøyring. Den mellombelse skiltinga er fjerna. Det er mellombels parkering forbode i Gate 2 frå Ullakiosken til Turnhallen. Dette gjeld til fredag kveld 2. oktober.Opphavleg artikkel:Gate 1 i Måløy blir stengd for gjennomgangstrafikk i samband med sanering og riving av eit brannskadd hus (Vengengården). Stenginga er naudsynt for å sikre både harde og mjuke trafikantar, og dei som arbeider på området.Vi ber trafikantar om å følgje skiltinga på staden, slik at trafikken kan gå så smidig og trygt som mogleg medan Gate 1 ved Vengengården er stengd.Arbeidet er planlagt å gå føre seg i om lag fem arbeidsdagar - til og med fredag 2. oktober. Medan arbeidet pågår, blir Gate 1 stengd ved arbeidsområdet, og biltrafikken blir ruta om via Gate 2. Trafikk frå ferjekaia som skal mot sentrum, blir skilta via Raudeberg og vidare inn på Gate 2. Fotgjengarar kan passereGangvegen på nordvestsida av Gate 1 blir halde open under arbeidet. Fotgjengarar skal bruke denne sida av vegen for å passere arbeidsområdet. Det blir sett opp skilt og anleggsgjerde for å leie folk trygt forbi. For dei som bur og ferdast i området, betyr arbeidet at det kan bli meir trafikk i Gate 2 og noko lengre køyreveg medan Gate 1 er stengd. Følg skiltinga på staden. Publisert 29.09.2026 07.48 Sist endra 01.10.2026 07.18