Frivillige vart takka for den viktige innsatsen dei gjer

Over 50 frivillige var samla på Kulatoppen omsorgssenter på torsdag for ei inspirerande samling med erfaringsutveksling, musikk og gode samtalar. Kinn kommune ønskte med samlinga å takke dei frivillige for den verdifulle innsatsen dei legg ned for innbyggarane våre.

Samlinga vart arrangert av Vågsøy frivilligsentral i samarbeid med helse og velferd i Kinn kommune, gjennom satsinga Lev vel.

Dei frammøtte fekk servert god mat og høyre eit inspirerande føredrag om korleis musikk kan bidra til auka livskvalitet, ved Jorunn Bakke Nydal. Det vart også helsingar frå nestleiar i helse og velferd, Rakel Gangsøy, og dagleg leiar i Vågsøy frivilligsentral, Siv Anett Kupen.

Ein innsats som betyr mykje

Dei frivillige bidreg til å skape gode opplevingar, fellesskap og livsglede for mange av innbyggarane våre. Dei bruker mykje av eiga fritid på å gjere kvardagen betre for andre.

Vågsøy frivilligsentral spelar ei viktig rolle i dette arbeidet. Gjennom koordinering, oppfølging og rettleiing legg dagleg leiar Siv Anett Kupen til rette for at frivillige kan engasjere seg og bidra der det er behov.

Takk for engasjementet!

Vi er så takksam for alle som stiller opp og brukar tid og krefter på å skape gode augneblink for andre.

Samlinga på Kulatoppen var også eit resultat av godt samarbeid mellom Vågsøy frivilligsentral og dei kommunale tenestene. Saman fekk dei markert arbeidet til dei frivillige og løfta fram kor mykje innsatsen deira betyr for lokalsamfunnet.