Les rapport om leigde areal i Kinn kommune (PDF, 5 MB)
Rapporten viser at kommunen kan redusere talet på leigeavtalar og samle fleire funksjonar i Måløy og Florø. I Måløy er det mellom anna foreslått å samle psykisk helse og rus, bustadkontoret og tildeling i Skramsheim, flytte heimesjukepleia og arkivet til omsorgssenteret og dagsenteret til Kulatoppen. I Florø er det foreslått å samle administrasjonen i Øklandbygget og flytte Kurs KF og Newton-rommet til Kulturhuset.
Den samla tiltakspakken er berekna å krevje investeringar på 35,4 millionar kroner. Når alle tiltaka er gjennomførte, kan kommunen oppnå ein årleg netto økonomisk effekt på om lag 6,7 millionar kroner. Over ein periode på 30 år er noverdien berekna til 74 millionar kroner, med ei tilbakebetalingstid på om lag seks år. Med reforhandling av leigeavtalen i Skramsheim kan dei samla årlege leigekostnadene reduserast med 6,8 millionar kroner, tilsvarande 31 prosent.
Forstudien legg også vekt på at samlokalisering ikkje berre skal handle om økonomi, men også om betre samarbeid, tilgjengelege tenester og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Det er føresett gode løysingar for tilgangskontroll, skjerming, møterom og arbeidsplassar.
Konklusjonen er at det ligg eit betydeleg potensial for økonomiske innsparingar og betre utnytting av kommunens eigne bygg.
Rapporten er eit grunnlag for vidare politiske og administrative vurderingar, og det er førebels ikkje teke avgjerd om gjennomføring av tiltaka. Rapporten er presentert for tilsette, arbeidsmiljøutvalet, møte med arbeidstakarorganisasjonen og i Formannskapet. Mogeleg investeringar vil først kunne bli innarbeidd i revidert budsjett 2027. Rapporten blir no gjennstand for interne prosessar i berørte avdelingar og vil bli handsama i formannskapet i løpet av våren.