Folkemøte om reguleringsplan Rota-Langholmsundet

WIS-gruppen inviterer til folkemøte 24. november, for å informere om reguleringsarbeidet, og høyre kva du meiner, før planen går til første offentlege høyring. Med dette ynskjer dei å få inn synspunkt og innspel som dei kan ta med seg til sluttføringa av planarbeidet.

  • Tid: 24. november 2026, kl 18:00-20:00 (matservering kl 18:00, program frå kl 18:30)
  • Stad: Florø kulturhus, Speilsalen

Program

  • Velkomen og orientering om Havland sine utviklingsplanar i området
  • Kommuneplanen sine føringar for området
  • Status i reguleringsarbeidet og presentasjon av førebelse skisser  
  • Spørsmål og svar i plenum
  • Kart til gjennomsyn og kommentar på vegg
  • Felles oppsummering og informasjon om vegen vidare

Du kan gi innspel både i plenum og ved karta. 

Vel møtt