Familiehjelpa styrker samarbeidet om barn, unge og familiar

Familiehjelpa vår er samla til sitt tredje fellesmøte for å vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet. Deira målsetting er å gi barn, unge og familiar eit tilgjengeleg og samordna hjelpetilbod når dei møter utfordringar i kvardagen.

Onsdag 28. oktober møttest fagpersonane i familiehjelpa, saman med prosjektleiar Kari Vårdal, for å diskutere korleis dei kan samarbeide best mogleg om å gi tidleg og god hjelp til dei som treng det.

Familiehjelpa er eit lågterskeltilbod som støttar barn, unge og føresette som opplever utfordringar i kvardagen. Tilbodet er i kontinuerleg utvikling og omfattar både førebyggande arbeid, støtte i foreldrerolla og hjelp ved lette til moderate psykiske helseutfordringar.

Alle tilsette i familiehjelpa i Kinn står langs med ein vegg og smilar - Klikk for stort bileteFamiliehjelpa i Kinn er samla til felles utviklingsmøte.

Ulike fagpersonar med felles målsetting

Familiehjelpa består av fagpersonar med ulik kompetanse som samarbeider for å finne gode løysingar for barn, unge og familiar.

Gjennom rettleiing, støtte og tett samarbeid ønskjer familiehjelpa å styrke familiane sine eigne ressursar og bidra til meistring, trivsel og god psykisk helse.

Dei felles møta er ein viktig del av arbeidet med å utvikle tilbodet og sikre at familiane får god og samordna hjelp.

Eit tilbod for barn, unge og føresette

Familiehjelpa kan vere aktuell dersom eit barn eller ein ungdom strevar, eller dersom du som føresett er uroa for barnet si utvikling, trivsel eller åtferd. Du kan også ta kontakt dersom familien opplever utfordringar, eller du ønskjer råd og rettleiing i foreldrerolla.

Du treng ikkje vite kva slags hjelp du har behov for før du tek kontakt. Familiehjelpa kan saman med deg vurdere kva støtte som kan vere aktuell.

Tilbodet er gratis, du treng ikkje tilvising, og alle tilsette har teieplikt.

Les meir om Familiehjelpa i Kinn og kva hjelp du kan få