18 millionar kroner til Storhall i Vest (sak 172/26)
Kommunestyret vedtok å gi 18 millionar kroner i eingongstilskot til Storhall i Vest AS for å realisere ein fullskala fotballhall i Florø.
Tilskotet skal betalast i 2027 frå kommunen sitt disposisjonsfond, som er oppsparte midlar. Vedtaket føreset at resten av finansieringa og eventuelle kostnadsaukar blir dekte av andre. Dersom prosjektet ikkje blir fullfinansiert, skal tilskotet betalast tilbake.
Kommunen forpliktar seg ikkje til å gi driftstilskot til hallen. Korleis disposisjonsfondet skal balanserast, blir vurdert i arbeidet med budsjett og økonomiplan for 2027–2030.
Skal utbetre sju kommunale bruer (sak 171/26)
Kommunestyret tok rapporten om tilstanden på kommunale vegar og bruer til etterretning, og vedtok at kommunen snarast skal setje i gang tiltak på sju bruer med kritiske skadar eller behov for rask utbetring.
Dette gjeld Svarthumla øvre, Ramsdal bru, Skarvøypoll bru, Gottebergselva, Klettavika bru ved Brufjordvegen, Nedre Standalen og Lykkjebø bru 1.
Det er lagt opp til ei samla økonomisk ramme på 2,235 millionar kroner pluss meirverdiavgift til tiltaka.
Rapporten viser også eit betydeleg vedlikehaldsetterslep på dei kommunale vegane.
Opnar for bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt (sak 167/26)
Kommunestyret vedtok ei ny forskrift som opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved hjortejakt i Kinn.
Forskrifta skal bidra til å regulere hjortebestanden, mellom anna for å redusere beiteskadar i landbruket.
Kommunestyret vedtok samtidig at forskrifta skal bruke omgrepet «ope terreng» i staden for «innmark». Forskrifta gjeld frå 17. november 2026.
Ny felles forskrift for hjortejakt (sak 168/26)
Kommunestyret vedtok ei ny forskrift om hjortejakt i Kinn kommune. Forskrifta erstattar dei tidlegare forskriftene frå Flora og Vågsøy og gir kommunen eit felles regelverk.
Forskrifta regulerer mellom anna minsteareal for jaktvald og fellingsavgift. Ho gjeld frå 17. november 2026.
Skram skole får nynorsk som hovudmål (sak 174/26)
Kommunestyret vedtok å endre forskrifta om skriftleg hovudmål i grunnskulane i Kinn.
Vedtaket inneber at Skram skole får nynorsk som skriftleg hovudmål frå 1. august 2027. Vedtaket får ikkje konsekvensar for namnet på skulen.
Nye gebyr for 2027 (sak 173/26)
Kommunestyret handsama gebyr for kommunale tenester i 2027 og vedtok mellom anna følgjande endringar:
- Søknader innan plan- og byggesak som blir trekte, avviste eller avslåtte, skal berre fakturerast med halv sats.
- Gebyra i kulturskulen for elevar under 19 år skal auke med 7,5 prosent.
- Administrasjonen skal arbeide for å auke delen av kostnadene som blir fakturert innan plan- og byggesaker, frå 50 til 70 prosent, og rapportere årleg om dette.
Kommunestyret vedtok også å be om at KS arbeider for statleg finansiering eller alternative finansieringsordningar for kostnadene som følgjer av strengare krav til reinsing av utslepp, framfor at desse fullt ut blir lagde på innbyggjarane gjennom vass- og avløpsgebyr.
Godkjende reguleringsplan for Deknepollen (sak 176/26)
Kommunestyret vedtok ein privat detaljreguleringsplan for eit område i Deknepollen.
Planen legg til rette for næringsverksemd og vegløysingar, med mellom anna betre trafikktilhøve og tilrettelegging for gåande og syklande.
Før planen blir kunngjord, skal kommunen kvalitetssikre og ferdigstille det digitale plangrunnlaget.
Opprettheld vedtaket om Måsholmen–Håskjera (sak 175/26)
Kommunestyret handsama klagene på den vedtekne detaljreguleringsplanen for Måsholmen–Håskjera.
Kommunestyret vedtok å ikkje ta klagene til følgje og opprettheld dermed det tidlegare planvedtaket. Saka blir send vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.
Ny mentorordning for ungdom i politiske møte (sak 169/26)
Kommunestyret vedtok ei mentorordning for ungdomsrepresentantar som deltek i politiske møte.
Ordninga inneber at ein eller to politikarar i kvart utval får eit særskilt ansvar for å støtte ungdomsrepresentantane. Målet er at ungdommane skal kjenne seg trygge, forstå møteprosessane og få hjelp med praktiske spørsmål.
Mentorane skal ikkje påverke ungdommane politisk.
Kinn blir med i regional folkehelsesatsing (sak 177/26)
Kommunestyret vedtok at Kinn kommune skal delta i programsatsinga «Systematisk folkehelsearbeid i Vestland 2026–2036».
Gjennom samarbeidet med Vestland fylkeskommune skal kommunen styrkje arbeidet med folkehelse og førebygging.
Målet er mellom anna å bruke kunnskap om innbyggjarane si helse og levekår meir aktivt i kommunal planlegging og utvikling av tenester.
Økonomi og rapportering frå kommunale føretak (sak 160–163/26)
Kommunestyret handsama økonomirapportar og budsjett for tre kommunale føretak.
Bordgleder KF: Kommunestyret tok tertialrapporten til vitande, men peika på at talgrunnlaget gir eit uklart bilete av økonomien. Kommunestyret forventar at føretaket ryddar opp i rapporteringa og avklarar spørsmålet om mogleg kryssubsidiering mellom kommunal drift og sal til eksterne kundar. Kommunestyret vedtok ikkje revidert budsjett for 2026. Føretaket skal drive vidare etter gjeldande budsjett ut året.
Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS KF): Kommunestyret tok tertialrapporten til vitande og godkjende budsjettrevisjonane for 2026. Desse omfattar mellom anna auka overføringar til Nav og oppvekst, finansiert gjennom venta meirinntekter frå integreringstilskot.
Havhesten KF: Kommunestyret tok tertialrapporten for 2026 til vitande utan merknader. Rapporten viser mellom anna eit positivt økonomisk resultat så langt i året og god aktivitet i fleire av tilboda.
Godkjende samarbeidsavtalar med Helse Førde (sak 164/26)
Kommunestyret godkjende to reviderte samarbeidsavtalar mellom Kinn kommune og Helse Førde.
Avtalane gjeld den akuttmedisinske kjeda og samarbeid om beredskap. Dei skal bidra til tydelegare ansvar og betre samhandling mellom kommunen og sjukehuset.
Vedtok politisk møteplan for 2027 (sak 165/26)
Kommunestyret vedtok møteplanen for 2027 med fleire endringar.
Kommunekonferansen skal ikkje gjennomførast same dag som eit kommunestyremøte. Framtidige kommunekonferansar skal også i større grad nyttast til fagleg påfyll og opplæring.
Det vart i tillegg gjort endringar i møtedatoane for administrasjonsutvalet og plan- og miljøutvalet.
Suppleringsval til politiske utval (sak 166/26)
Etter at Lillian Bratholmen flytta frå kommunen, vart det gjennomført suppleringsval til fleire politiske verv.
Vidar Solvang (INP) har rykt opp som fast medlem av kommunestyret og vart mellom anna vald inn i helse-, sosial- og omsorgsutvalet og administrasjonsutvalet.
Jan Gunnar Holvik (FrP) vart vald som nytt varamedlem i formannskapet, finansutvalet og valstyret. Det vart også gjort suppleringsval til andre verv.
Fordeling av partistøtte for 2026 (sak 178/26)
Kommunestyret vedtok fordelinga av den kommunale partistøtta for 2026.
Av dei 160 000 kronene som er sette av til føremålet, skal 90 prosent fordelast etter kor mange stemmer partia fekk ved førre kommunestyreval. Dei resterande 10 prosentane blir fordelte som grunnstøtte.
Orientering om barnevernstenesta (sak 170/26)
Kommunestyret fekk lagt fram tilstandsrapporten for Kinn barnevern for 2025. Rapporten vart teken til vitande.
Ungdommens kommunestyre orienterte om prioriteringane sine (sak 157/26)
Ungdommens kommunestyre orienterte om arbeidet sitt og kva dei meiner bør prioriterast i kommunen sitt budsjett.
Ungdommane ønskjer særleg satsing på fritidstilbod, vedlikehald av kommunale bygg og betre tilrettelegging i skulane.
Dei har også uttalt seg mot forslaget om å leggje ned TAF-linja ved Måløy vidaregåande skule.
Spørsmål om veterinærvakt og kommunalt nettverk (sak 156 og 179/26)
Kommunestyret fekk spørsmål om status for veterinærvakta i Kinn. Ordføraren orienterte om arbeidet med å få på plass ein fjerde veterinær, slik at kommunen kan etablere ei firedelt vaktordning. Målet er full dekning frå mars 2027, men avtalen er enno ikkje signert.
Det vart også stilt spørsmål om betre internettilgang og eventuelle kommunale e-postkontoar for folkevalde. Nordfjordnett skal vurdere tiltak for å betre tilgangen til det trådlause nettet.
Det vart ikkje gjort vedtak i desse sakene.