Arbeidarane fekk ros då brannstasjonen i Florø nådde ein viktig milepæl

Bygginga av den nye brannstasjonen i Florø går etter planen. Onsdag 4. november markerte vi at bygget er tett, og arbeidarane, involverte entreprenørar, arkitekt og prosjektgruppa fekk ros for innsatsen dei har lagt ned. 

Med tak og ytterveggar på plass er bygget no verna mot vêr og vind. Det betyr at arbeidet med uttørking, tekniske installasjonar og etter kvart innreiing kan halde fram innandørs. 

Prosjektleiar i Kinn kommune, Vidar Andersen, er godt nøgd med arbeidet som er gjort og seier arbeidet følgjer tidsplanen, og at bygget er venta ferdig i april neste år. Han ønskjer særleg å trekke fram innsatsen til entreprenørane. – Det blir lagt ned ein stor innsats på byggeplassen kvar einaste dag. Entreprenørane gjer ein svært god jobb, og det er viktig for oss å vise at vi set pris på arbeidet dei utfører, seier Andersen. 

Både lærlingar og erfarne fagfolk hjå enreprenørane har bidrege med solid handverk og godt samarbeid. Under markeringa fekk dei ei velfortent anerkjenning for innsatsen som er lagt ned så langt i form av kaker og brus, og ein takketale frå ordføraren.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen hadde berre gode ting å seie om prosjektet. – Eg hugsar at Ylvis-brørne for 15–20 år sidan spøkte med at dei ønskte velkomen til Florø kulturhus og brannstasjon. Det seier litt om kor spesiell løysinga vår har vore. No får vi endeleg ein moderne brannstasjon som er bygd for føremålet, og som vil styrke beredskapen i Florø i mange år framover, seier ordføraren.