ReseksjoneringReseksjonering betyr å endre ein eigedom som allereie er seksjonert.Dersom du ønskjer å endre seksjonsinndelinga, må du søkje om reseksjonering.Slik søker du Du søker om reseksjonering ved å fyllet ut søknadsskjema søknad om seksjonering Søknad om reseksjoneringSjå rettleiing til utfylling av søknadsskjema for reseksjoneringDu skal berre føre opp seksjonane som skal endrast. Kven som skal signere søknadsskjemaet, kjem an på kva de ønskjer å endre. Sjå oversikta over kven som skal signere søknaden.Dokumentasjon til søknadenEksisterande tinglyst seksjoneringssøknad, inkludert situasjonsplan og planteikningar. Dette bestiller du hos kartverket. Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og bygningar på eigedomen. Les meir og bestill situasjonskart.Planteikningar av alle etasjane i bygget der det blir gjort endringar mellom brukseiningar og fellesareal, inkludert kjellar og loft. Teikningane skal tydeleg vise dei nye grensene for brukseiningane og kva dei enkelte romma skal brukast til.Kvar sender du søknaden?Søknaden med vedlegg skal sendast til kommunen per post. Postadresse: Kinn kommune, Postboks 294, 6701 MåløySøknaden skal leverast i to eksemplar, begge med originale signaturar, fordi dokumenta skal sendast vidare til tinglysing.Seksjonering av uteareal?Sjå eiga side for seksjonering av uteareal.Kva kostar det? 11. Seksjonering11. Seksjonering av eiendom, eigarseksjonslova § 15PrisSøknadsgebyr4 000 kronerUtover søknadsgebyr, timepris for medgått tid, pris per time1 250 kroner 1.4 Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon1.4 Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon per enhet (ikke kontorforretning)PrisAreal fra 0 - 50 m²4 100 kronerAreal fra 51 - 250 m²7 600 kronerAreal fra 251 - 2000 m²15 100 kronerAreal fra 2001 - økning per påbegynt daa2 800 kroner 1.5. Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon v/kontorforretning1.5. Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon v/kontorforretningPrisOppmåling av uteareal på eierseksjon3 700 kroner Sist endra 06.11.2026 12.44