Seksjonering av uteareal

Dersom de ønskjer ei permanent fordeling av utearealet i sameiget, må de søkje om dette samtidig med seksjoneringa eller reseksjoneringa. Dei fordelte uteareala vil då høyre til dei enkelte seksjonane og kan ikkje endrast utan samtykke frå eigaren eller eigarane av seksjonane.

Føresetnader og krav

I utgangspunktet kan de fordele utearealet slik de ønskjer. To vilkår må likevel vere oppfylte:

  • Alle seksjonseigarar må ha tilgang frå fellesarealet til sin eigen seksjon.
  • Uteareal som i byggjeløyvet eller reguleringsplanen er fastsette som fellesareal, kan ikkje fordelast til enkelte seksjonar. Desse må framleis vere fellesareal.

Slik søkjer du

Du søkjer om seksjonering av uteareal ved å fylle ut skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring etter matrikkellova. Skjemaet finn du på nettsidene til Kartverket.

Søknad om oppmålingsforettning

Når du skal seksjonere uteareal, behandlar kommunen dette som ei seksjoneringssak.Du kan fordele uteareal samtidig med førstegongsseksjonering eller ved reseksjonering.

Dokumentasjon til søknaden 

  • Du må leggje ved eit situasjonskart der fordelinga av uteareala er teikna inn. Merk kvart uteareal tydeleg med seksjonsnummer, og merk fellesareala med «Fellesareal». Les meir og bestill situasjonskart. 

Søknadsskjemaet skal vere vedlegg til seksjonering-/reseksjoneringssøknaden.

Dersom areala er koordinatfesta i ein plan eller allereie er målte inn, kan kommunen dele opp utearealet digitalt utan oppmålingsforretning.

Hva koster det?

11. Seksjonering
11. Seksjonering av eiendom, eigarseksjonslova § 15Pris
Søknadsgebyr4 000 kroner
Utover søknadsgebyr, timepris for medgått tid, pris per time1 250 kroner
1.4 Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon
1.4 Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon per enhet (ikke kontorforretning)Pris
Areal fra 0 - 50 m²4 100 kroner
Areal fra 51 - 250 m²7 600 kroner
Areal fra 251 - 2000 m²15 100 kroner
Areal fra 2001 - økning per påbegynt daa2 800 kroner
1.5. Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon v/kontorforretning
1.5. Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon v/kontorforretningPris
Oppmåling av uteareal på eierseksjon3 700 kroner