FørstegangsseksjoneringKva er førstegongsseksjonering?Førstegongsseksjonering betyr å dele éin eller fleire bygningar inn i eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av eigedomen.Du kan søkje om førstegongsseksjonering sjølv. Du treng ikkje særskild fagkompetanse for å sende inn søknaden.Seksjonering kan til dømes vere aktuelt forbustadblokkerhorisontaldelte to- og firemannsbustadernæringsbygg med fleire etasjar og ulike brukararEin eigarseksjon består avein sameigedel i eigedomen, altså det som er felleseinerett til å bruke ein bestemt del av eigedomen, kalla brukseiningaSlik søker du Du søker om førstegangsseksjonering ved å fyllet ut søknadsskjema søknad om seksjonering Søknad om seksjonering (regjeringen.no)Sjå rettleiing til utfylling av «søknad om seksjonering»Dokumentasjon til søknadSituasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og bygningar på eigedomen. Les meir om situasjonskart.Du må leggje ved planteikningar av alle etasjane i bygget, inkludert kjellar og loft. Teikningane skal tydeleg vise arealet og avgrensinga til kvar brukseining, forslag til seksjonsnummer og kva dei enkelte romma skal brukast til. Kommunen kan hjelpe med inndelinga i seksjonar.Du må leggje ved vedtektene for sameiget. Dei skal berre følgje søknaden og skal ikkje tinglysast.Dersom det er tinglyst ei rådigheitsavgrensing på eigedomen, må den som har denne retten samtykkje til søknaden. Er du usikker på om det er tinglyst ei slik avgrensing, kan du kontakte Kartverket eller kontrollere grunnboka sjølv.Dersom de er fleire eigarar av eigedomen og eigardelane er dei same før og etter seksjoneringa, kan de fordele seksjonane mellom dykk i samband med seksjoneringa. Fyll i så fall ut og legg ved skjemaet «Fordeling av sameigedelar ved seksjonering» frå Kartverket.Kvar sender du søknaden?Søknaden med vedlegg skal sendast til kommunen.Postadresse: Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.Søknaden skal leverast i to eksemplar, begge med originale signaturar, fordi dokumenta skal sendast vidare til tinglysing.Seksjonering av uteareal? Se egen side for seksjonering av uteareal. 11. Seksjonering11. Seksjonering av eiendom, eigarseksjonslova § 15PrisSøknadsgebyr4 000 kronerUtover søknadsgebyr, timepris for medgått tid, pris per time1 250 kroner 1.4 Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon1.4 Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon per enhet (ikke kontorforretning)PrisAreal fra 0 - 50 m²4 100 kronerAreal fra 51 - 250 m²7 600 kronerAreal fra 251 - 2000 m²15 100 kronerAreal fra 2001 - økning per påbegynt daa2 800 kroner 1.5. Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon v/kontorforretning1.5. Gebyr for oppmåling av uteareal på eierseksjon v/kontorforretningPrisOppmåling av uteareal på eierseksjon3 700 kroner Sist endra 06.11.2026 12.39