Frådeling av eigedomNår du skal opprette ein ny eigedom, må du først kontakte kommunen. Kommunen måler opp tomta og gir eigedomen eige gards- og bruksnummer i matrikkelen før saka blir sendt til tinglysing.Slik søker du Du søker om fradeling av eiendom ved å fylle ut søknadsskjema søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett.Søk om deling etter plan- og bygningslovaSøk om deling av driftseining etter jordlovaSe eksempel på ferdig utfylt skjema med veiledningDokumentasjon til søknadenNår du søkjer om å opprette eller dele ein eigedom, må søknaden innehalde nok informasjon til at kommunen kan behandle saka.Dokumentasjon som må vere med søknadennabovarselsituasjonskartrekvisisjon av oppmålingsforretningAnna dokumentasjon som kan vere relevantsøknad om dispensasjonavkøyrselsplanerklæringar eller avtalar om vegrett, leidningar og nødvendig vedlikehald over andre eigedomareventuelle erklæringar som gir den nye eigedomen rett til veg, vatn, avløp og nødvendig vedlikehald over den opphavlege eigedomenSøknadsskjema og informasjon om kva dokumentasjon du må leggje ved Kor tid må eg søke om dispensasjon? Dersom søknaden er i strid med plan- og bygningslova eller gjeldande planar, må du søkje om dispensasjon før kommunen kan gi løyve til deling.Sjå plan- og bygningsloven §§ 19-1 og 19-2.Sjekk planar og føresegner for eigedomen dinFør du byggjer, riv eller gjer endringar på eigedomen, må du undersøkje kva planar og føresegner som gjeld.Planane avgjer mellom anna kva du kan byggje eller endre, og kva bygga på eigedomen kan brukast til.Finn kva plan som gjeld for din eigedomDu må også søkje om dispensasjon dersom den omsøkte delelinja ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Dispensasjonssøknaden må vere skriftleg og grunngjeve. Det er du som søkjar som må forklare kvifor kommunen bør gi dispensasjon.Les meir om korleis du kan søkje om dispensasjon her. NabovarselBestill naboliste via eTorgFyll ut og send skjemaet for nabovarsel til naboane som står på nabolista du har fått.Dersom du søkjer om dispensasjon frå ein arealplan, må dette gå fram av nabovarselet. Andre som blir direkte påverka av delinga, skal også varslast og få høve til å uttale seg.Dersom du får merknader frå naboar, skal du sende dei til kommunen saman med søknaden.Naboar og gjenbuarar har to veker på å kome med merknader.Kommunen må ha motteke søknaden din seinast eitt år etter at nabovarselet blei sendt. Går det meir enn eitt år, må du sende nytt nabovarsel.Vedlegg til nabovarsel: Du skal også leggje ved eit situasjonskart som viser den ønskte grensa når du sender nabovarselet.Korleis får eg situasjonskart? Skriv ut situasjonskart frå kartportalen vår, og teikn inn dei nye eigedomsgrensene. Situasjonsplanen skal vise eksisterande eigedomsgrenser og den ønskte delelinja, altså dei nye eigedomsgrensene.Dersom tomta er vanskeleg å byggje på, til dømes på grunn av bratt eller kupert terreng, bør du også leggje ved kart som viser forslag til framtidig plassering av bustadenterrengsnittplassering av køyretilkomstareal til parkeringareal til uteopphaldRekvisisjon av oppmålingsforretningFor at eigedomen skal kunne registrerast i matrikkelen og tinglysast, må du rekvirere oppmålingsforretning. Oppmålingsforretninga blir gjennomført etter at kommunen har godkjent delinga.Fyll ut skjema: Rekvisisjon av oppmålingsforretning for søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningsloven.Dersom du søkjer om utsett oppmålingsforretning, må du grunngi dette i ein eigen søknad.Kor tid må eg ha ein plan for avkøyrsle?Dersom delinga krev ny avkøyrsel eller meir bruk av ei eksisterande avkøyrsel frå fylkesveg eller riksveg.Søk om ny eller endring av avkjørsel For meir informasjon om avkøyrsle frå offentleg veg. Nyttig tips!Søk gjerne om ny eller endra avkøyrsel før du sender inn søknad om deling av eigedomen.Kommunen kan ikkje godkjenne delinga før søknaden om avkøyrsel er behandla og godkjend. Søknad om utsleppsløyveDersom du skal dele frå ei tomt til bustadformål, må det liggje føre godkjent utsleppsløyve for avløpsvatn før kommunen kan godkjenne delinga.Dersom tomta allereie er frådelt, må utsleppsløyvet vere på plass før du kan byggje.Søknad om utsleppsløyve må sendast inn av eit føretak med nødvendig kompetanse. Privatpersonar kan ikkje søkje sjølve.Her kan du lese meir om utsleppsløyve og godkjende føretak.Kvar sender du søknaden?Du kan sende søknaden med vedlegg på e-post eller per post.E-post: post@kinn.kommune.noPostadresse: Kinn kommune, Postboks 294, 6701 MåløySkal du dele frå ein landbrukseigedom?Ved deling av ein landbrukseigedom må kommunen gi samtykke etter jordlova § 12.I slike saker må søknaden også innehalde konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfridom.Les meir om konsesjon og landbrukseigedom. 1.1 Oppretting av grunneiendom og festegrunn1.1 Oppretting av grunneiendom og festegrunnPrisAreal fra 0 - 2000 kvm26 000 kronerDeretter for hver påbegynt 1000 kvm inntil 5000 kvm3 800 kronerDeretter for hver påbegynt 5000 kvm2 500 kronerTomter i felt (flere enn 5 tomter), 0 - 2000 kvm20 000 kronerOppretting av ny grunneiendom fra hel teig større enn 100 da (landbruksareal)28 500 kronerOppretting av punktfeste 6 100 kronerOppretting av grunnboksblad for gamle festetomter6 000 kroner 1.2 Gebyr for tilleggsarealer til eksisterende eiendom1.2 Gebyr for tilleggsarealer til eksisterende eiendomPrisAreal fra 0 - 250 kvm7 600 kronerAreal fra 251 - 500 kvm11 800 kronerDeretter per påbegynt 500 kvm < 10 daa1 400 kroner 1.6 Gebyr for oppretting av anleggseiendom1.6 Oppretting av anleggseiendomPrisVolum fra 0 - 20000 m323 500 kronerVolum fra 20001 m3 - økning pr. påbegynt 1000 m3 3 400 kroner 1.8 Oppretting1.8 Oppretting av matrikkelenhet uten fullført oppmålingsforretning2 600 kroner Sist endra 06.11.2026 11.29