Informasjonspunkt under ei kriseLytt til tekstenStopp avspillingI krisesituasjonar der straum og mobildekning er vekke over eit lenger tidsrom vil kommunen opprette fysiske informasjonspunkt på stader vi har tilgang på reservestraum og alternativ kommunikasjon. Her kan du møte opp dersom du har behov for informasjon frå kommunen eller treng å varsle nødetatar. Dette er kommunen sine informasjonspunkt:Florø omsorgssenter, Kinnvegen 1A, 6906 FlorøAllhuset i Eikefjorden, Indrebøvegen 1, 6940 EikefjordMåløy rådhus, Gate 1 120, 6700 MåløyKulatoppen omsorgssenter (dersom det er fare for at Måløybrua stenger), Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen Viktig å vere klar overInformasjonspunkta er ikkje ei erstatning for eigenberedskapen din og du treng ikkje å møte opp på informasjonspunktet dersom du ikkje har behov for informasjon eller å varsle nødetatar. Du bør framleis sørge for å ha ein DAB-radio med batteri og gjerne tilgang på mobilabonnement i ulike mobilnett. Les meir om korleis du kan førebu deg på langvarig bortfall av straum og mobildekning på dsb.no. Publisert 26.10.2026 07.48 Sist endra 26.10.2026 07.54