Kva er ein reguleringsplan?Ein reguleringsplan viser korleis eit område kan brukast og utviklast, til dømes til bustader, næring, vegar, parkering, parkar og leikeområde.Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan for eit avgrensa område og bestemmer korleis området kan brukast og kva du kan byggje der. Planen består vanlegvis av plankart, føresegner, planskildring, risiko- og sårbarheitsanalyse og andre nødvendige fagutgreiingar og illustrasjonar.Føresegnene seier mellom anna kva eigedomen kan brukast til, til dømes bustad, friområde eller veg, og kor stort og høgt du kan byggje.Skal du byggje, rive eller grave, må du først undersøkje kva reguleringsplan som gjeld for eigedomen, eller om det er kommuneplanen sin arealdel som gjeld.Sjå kva plan som gjeld for eigedomen din Ulike typer reguleringsplaner To typar reguleringsplanarDet finst to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering.OmrådereguleringEin områderegulering gjeld eit større område og blir vanlegvis utarbeidd av kommunen. Kommunen kan også la private eller andre styresmakter stå for heile eller delar av planarbeidet innanfor rammene kommunen fastset.DetaljreguleringEin detaljregulering gjeld mindre område eller enkelte tomter og gir meir konkrete føringar for kva som kan byggjast. Planen kan utarbeidast av kommunen, private utbyggjarar eller andre initiativtakarar, og følgjer gjerne opp kommuneplanen sin arealdel eller ein områderegulering.Du finn oversikt over alle dei gjeldande reguleringsplanene, og dei planane som er under arbeid, i webkartet vårt.Når må du lage ein ny reguleringsplan?Det må liggje føre ein reguleringsplanfør større byggje- og anleggsarbeid kan godkjennastfør tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn kan godkjennastnår kommuneplanen sin arealdel, ein kommunedelplan eller ein områderegulering stiller krav om detnår kommunen meiner det er behov for ei nærare planavklaring før eit byggje- eller anleggstiltak kan gjennomførastKommunen, privatpersonar, utbyggjarar, organisasjonar og andre styresmakter kan fremje forslag til detaljregulering. Sjølve planforslaget må utarbeidast av fagkunnige.Du finn meir informasjon om framgangsmåten under Lage privat reguleringsplan. Sist endra 13.11.2026 09.46