1. Bestill oppstartsmøte og send inn planinitiativ
Ein fagkunnig plankonsulent sender inn planinitiativet på vegner av forslagsstillaren, til dømes ein grunneigar, tiltakshavar eller utbyggjar, og bestiller oppstartsmøte.
Det kan også vere aktuelt å bestille eit rettleiingsmøte først for å avklare føresetnadene for planarbeidet.
2. Kommunen vurderer planinitiativet
Kommunen vurderer om planinitiativet bør førast vidare eller stoppast. Det kan også vere aktuelt å anbefale eit rettleiingsmøte før oppstartsmøtet.
Dersom kommunen stoppar planinitiativet, kan forslagsstillaren krevje at avgjerda blir lagd fram til politisk behandling.
3. Gjennomfør oppstartsmøtet
I oppstartsmøtet går kommunen og forslagsstillaren gjennom dei viktigaste føresetnadene for planarbeidet og det vidare planforslaget.
Kommunen tek mellom anna stilling til om planarbeidet kan starte, og om planen krev konsekvensutgreiing.
4. Kunngjer og varsle planoppstart
Du som er forslagsstillar eller plankonsulent, varslar planoppstart i ei avis som blir lesen i Kinn, og sender brev til grunneigarar, naboar og aktuelle offentlege og private instansar. Kommunen kunngjer planoppstarten på høyringssida vår. Alle kan komme med innspel til planarbeidet. Som privat forslagsstillar må du vurdere innspela og ta stilling til korleis dei skal følgjast opp i planforslaget.
5. Lag planforslaget og ha arbeidsmøte
Ein fagkunnig plankonsulent lagar planforslaget på vegner av forslagsstillaren. Vi anbefaler god dialog med kommunen undervegs, gjerne gjennom eitt eller fleire arbeidsmøte.
6. Send inn planforslaget
Når planforslaget er ferdig, sender plankonsulenten det til kommunen.
Planforslaget skal mellom anna innehalde
- oversendingsbrev
- plankart
- planføresegner
- planskildring
- risiko- og sårbarheitsanalyse
- aktuelle fagrapportar
- illustrasjonar og anna nødvendig materiale
Innspela som kom inn ved planoppstart, skal også følgje planforslaget. I planskildringa skal det gå fram korleis innspela er vurderte og følgde opp.
7. Betal plangebyret
Før kommunen behandlar planforslaget, sender vi faktura til forslagsstillaren. Gebyret blir rekna ut etter satsane som gjeld når kommunen har fått eit komplett planforslag.
8. Kommunen behandlar planforslaget – inntil 12 veker
Kommunen vurderer om planforslaget er komplett og kan leggjast ut til offentleg ettersyn. Dersom noko manglar, sender vi forslaget tilbake til plankonsulenten for retting.
Når planforslaget er komplett, lagar kommunen eit saksframlegg til plan- og miljøutvalet. Utvalet tek stilling til om planforslaget skal leggjast ut til offentleg ettersyn.
Vedtaket kan innehalde krav om at planmaterialet må rettast før det blir lagt ut.
Kommunen har normalt ein frist på inntil 12 veker frå eit komplett planforslag er motteke til førstegongshandsaminga.
9. Høyring og offentleg ettersyn – minst seks veker
Kommunen sender planforslaget på høyring og legg det ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Ved høgtider og sommarferie kan høyringsfristen bli lengre.
Planforslaget blir publisert på høyringssida vår. Vi kunngjer høyringa i lokalavisa og varslar aktuelle naboar, grunneigarar og offentlege og private instansar.
Alle kan komme med merknader til planforslaget.
10. Bearbeid planforslaget
Når høyringsfristen er ute, går plankonsulenten gjennom merknadene som har komme inn og gjer greie for korleis dei er vurderte og følgde opp i planforslaget.
Kommunen og plankonsulenten kan ha eit eige merknadsmøte for å gå gjennom innspela.
Dersom regionale eller statlege styresmakter har fremja motsegn, må kommunen avklare korleis denne skal handterast før planen kan vedtakast.
11. Kommunen behandlar det reviderte planforslaget
Plankonsulenten sender det reviderte planforslaget til kommunen. Kommunen vurderer forslaget og førebur saka for politisk behandling.
Saksdokumenta blir publiserte i den politiske møteplanen før møtet.
12. Politisk behandling og vedtak
Planforslaget blir behandla politisk og går vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.
Kommunestyret kan
- vedta reguleringsplanen
- vedta planen med endringar
- la vere å vedta planforslaget
13. Kommunen kunngjer vedtaket
Når reguleringsplanen er vedteken, kunngjer kommunen vedtaket på nettsida og varslar aktuelle partar.
Dersom planen er vedteken med endringar, må planmaterialet oppdaterast før vedtaket blir kunngjort.
14. Eventuell klage blir behandla
Partar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på reguleringsvedtaket.
Klagen skal sendast til kommunen. Kommunen vurderer klagen og legg saka fram for politisk behandling.
Dersom klagen ikkje blir teken til følgje, blir han sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.