Endre reguleringsplan – forenkla prosess

Å endre ein reguleringsplan følgjer i utgangspunktet dei same reglane som når du lagar ein ny reguleringsplan.

For enkelte endringar i ein reguleringsplan kan kommunen bruke ein enklare prosess etter plan- og bygningslova § 12-14. Det gjeld endringar som

  • i liten grad påverkar gjennomføringa av resten av planen
  • ikkje går utover hovudrammene i planen
  • ikkje påverkar viktige natur- og friluftsområde

Du som ønskjer å fremje ei planendring, må sjølv kontakte ein konsulent med nødvendig fagkompetanse til å endre reguleringsplanar.

Plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter stiller krav både til prosessen og innhaldet i plandokumenta.

Treng du rettleiing og hjelp?

Dersom du treng rettleiing, kan du bestille eit eige rettleiingsmøte med kommunen.

Nyttig å vite når du skal endre ein reguleringsplan

Nedanfor finn du informasjon som er nyttig dersom du ønskjer å endre ein reguleringsplan gjennom ein forenkla prosess.