Behov for hjelpemiddel

Tekniske hjelpemiddel kan gjere det enklare å klare daglege aktivitetar og bu heime lengst mogleg.

Kva hjelpemiddel du kan få, kjem an på behovet ditt og kor lenge du treng hjelpemiddelet.

Hva trenger du hjelp til?

Kortvarig behov for hjelpemiddel

Dersom du treng eit hjelpemiddel i inntil to år, har kommunen ansvar for utlånet.

Det kan til dømes vere aktuelt etter ein operasjon eller ved ein mellombels funksjonsnedsetjing.

Kommunen har eit avgrensa utval av enkle hjelpemiddel, som til dømes

  • rullator
  • manuell rullestol
  • dusjstol
  • toalettforhøgar
  • andre enkle gang- og støttehjelpemiddel

Du treng ikkje sende skriftleg søknad for korttidsutlån. Utlånet er gratis.

Varig behov for hjelpemiddel

Dersom behovet ditt varer lenger enn to år, er det NAV Hjelpemiddelsentral som har ansvar for utlånet.

Du må då søkje om hjelpemiddelet. Kommunen sine fysio- og ergoterapeutar kan hjelpe deg med å

  • kartleggje behovet
  • prøve ut aktuelle hjelpemiddel
  • søkje NAV
  • tilpasse hjelpemiddelet
  • få opplæring i bruk

NAV gjer vedtak om varig utlån. Utlånet er gratis.

Hjelpemiddel for syn og høyrsel

Har du nedsett syn eller høyrsel, kan du få hjelp til å vurdere behovet ditt og søkje om hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Kinn kommune har eigne syns- og høyrselskontaktar som kan hjelpe med kartlegging, søknad, tilpassing og opplæring.

Levering, henting og montering

Kommunen kan etter behov hjelpe med levering, henting og enkel montering av tekniske hjelpemiddel.

Reparasjon eller feil på hjelpemiddel

Dersom eit hjelpemiddel er øydelagt, slitt eller ikkje fungerer som det skal, må du melde frå til kommunen eller den tenesta som har formidla hjelpemiddelet.

Treng du hjelp til å finne rett hjelpemiddel?

Fysio- og ergoterapitenesta kan hjelpe deg med å kartleggje behovet ditt og finne aktuelle løysingar. Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt.