Korttidsutlån av hjelpemiddel

Har du eit mellombels behov for hjelpemiddel i inntil to år, kan du låne enkle hjelpemiddel frå kommunen. Dette kan til dømes vere aktuelt etter ein operasjon eller ved ein mellombels funksjonsnedsetjing. Utlånet er gratis, og du treng ikkje sende skriftleg søknad.

Kva kan du låne?

Kommunen har eit avgrensa utval av hjelpemiddel, mellom anna

  • rullator
  • manuell rullestol
  • dusjstol
  • toalettforhøgar
  • andre enkle gang- og støttehjelpemiddel

Kva som er tilgjengeleg, kan variere.

Kvar finn du hjelpemiddellageret?

Kinn kommune har hjelpemiddellager

  • i Fjordgata 9 i Florø
  • på Kulatoppen omsorgssenter i Måløy

Henting, levering og montering

Kommunen kan etter behov hjelpe med levering, henting og montering av tekniske hjelpemiddel.

Ta kontakt med hjelpemiddellageret dersom du har spørsmål om utlån, levering eller retur.